NOKUT stimulerer til kvalitetsutvikling

Formålet med NOKUTs verksemd er både å føre tilsyn med og å stimulere til utvikling av kvaliteten i utdanningane ved universitet, høgskular og fagskular. Denne forventninga kjem tydeleg fram i universitets- og høgskulelova. I arbeidet med å stimulere til kvalitetsutvikling nyttar vi ulike typar verkemiddel. Desse kan grupperast i kategoriane fakta og regelverk og tilsyn.

Fakta

NOKUT tilverkar og set saman informasjon om kvalitetstilstanden og rettar merksemda mot kvalitetsutfordringar og gode praksisar. Vi gjennomfører undersøkingar og evalueringar, og set saman og analyserer informasjon frå våre eigne og eksterne kjelder. Vi søkjer å leggje informasjonen til rette i portalar og rapportar slik at den kan vere til hjelp for institusjonane i arbeid med å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane. Vi arrangerer ulike typar konferansar, seminar og frukostmøte der vi tek opp kvalitetsutfordringar og gode praksisar som kan vere til inspirasjon for andre.

Regelverk og tilsyn

NOKUT forvaltar krav til kvalitet fastsette av Kunnskapsdepartementet og set sjølv kvalitetskrav på studietilbodsnivå. NOKUT følgjer opp krava gjennom ulike former for akkreditering og tilsyn. NOKUT søkjer å gjennomføre tilsynsprosessane slik at dei i tillegg til å kontrollere at krav er oppfylte, også skal stimulere institusjonane til å utvikle kvaliteten vidare.


Studiebarometeret (studentar, undervisarar og fagskulestudentar)

NOKUT innhentar årleg informasjon om kor tilfredse studentane er med studietilboda gjennom Studiebarometeret. Dette materialet blir stilt til disposisjon for institusjonane og speler ei viktig rolle i mange institusjonar sitt kvalitetsarbeid, og det blir formidla til aktuelle forskingsmiljø.

NOKUT-portalen

NOKUT-portalen inneheld indikatorar som er relevante og viktige for å kunne vurdere kvaliteten i høgare utdanning. Dei er ein viktig del av datagrunnlaget NOKUT treng i tilsynsarbeidet sitt.

Nasjonal deleksamen

NOKUT arrangerer nasjonale deleksamenar innanfor grunnskulelærarutdanninga, sjukepleieutdanninga og barnevernsfaglige masterutdanningar.

Evaluerings- og utviklingsprosjekt

Pågående

Avsluttede

Gode praksisar og verktøy i kvalitetsarbeidet

Konferansar, seminar og frukostmøte

Samla dekkjer arrangementa arbeidsområda til NOKUT og gir oss godt høve til å møte sektor, interessentar og andre som arbeider med temaa som blir tekne opp.

Fagseminar og workshops

Vi arrangerer fleire fagseminar, workshops og søkjarkurs årleg.

Konferansar

Vi arrangerer konferansar for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg fagskule.

Frukostmøte

Vi inviterer til NOKUT-frukost fire til seks gonger i året. Her informerer og diskuterer vi nye og viktige funn eller utviklingstrendar. Det vere seg med politikarar, arbeidslivsrepresentantar og -leiarar, undervisarar og studentar ved universitet, høgskular og fagskular.

Sosiale medium (blogg, podcast m.m.)

Publikasjonar og kunnskap