Akkreditering av høgare yrkesfagleg utdanning
NOKUT har ansvar for å akkreditere høgare yrkesfagleg utdanning, altså fagskuletilbod, i Noreg. Berre skular som har akkrediterte fagskuletilbod kan kalle seg fagskular.
NOKUT akkrediterer det følgjande:
- fagskuletilbod
- fagområde
Viss du ynsker å logge direkte inn i portalen for å registrere søknad om akkreditering av fagskuleutdanning, kan du gjere det her:
Viss du ynsker meir informasjon om søknadsprosessen for akkreditering av fagskuleutdanning eller fagområdeakkreditering, finn du dette lengst nede på denne sida.
Søknadsfristar
Akkreditering av fagskuleutdanningar:
- 15. september. Denne fristen gjeld for alle søkarar som har akkrediterte fagskuleutdanningar frå før.
- 25. august: Denne fristen gjeld for nye søkarar. Med "nye søkarar" meiner vi alle som vil bli fagskule, altså alle søkarar som ikkje har akkrediterte fagskuleutdanningar frå før.
Søknader de sender inn etter den fristen som gjeld for dykk, vil vi behandle etter den neste søknadsfristen.
Fagområdeakkreditering:
- 1. november
Gi beskjed viss de skal søke akkreditering
For at NOKUT skal kunne planlegge søknadsbehandlinga, ynsker vi at de melder frå viss de planlegg å sende oss søknader.
- Fagskoleutdanning gir beskjed på eit eige skjema. Les meir om beskjed om fagskulesøknadar.
- Fristen for å gi beskjed om søknad om fagområdeakkreditering er 1. mai, og søknadar som meldes til denne fristen vil bli prioritert i søknadsbehandlinga så langt det let seg gjere. Dersom fagskulen ikkje har gitt beskjed, men planlegg å søkje til søknadsfristen 1. november, ønskjer vi likevel beskjed så tidleg som mogleg.
Dokument som NOKUT tek imot er som hovudregel offentlege
Vi gjer merksam på at alle dokument som NOKUT tek imot som hovudregel er offentlege, jf. offentleglova § 3.
Det er viktig at dei som sender inn dokument til NOKUT sørgjer for at dei ikkje inneheld opplysningar som er underlagde teieplikt eller sensitive personopplysningar. Dersom dokumenta likevel inneheld opplysningar som de meiner at vi må gjera unntak for, må de informere oss om dette når de sender inn dokumenta. De må óg vise til eit rettsleg grunnlag for kvifor de meiner at vi må gjere unntak. NOKUT vil gjere ei vurdering av grunngivinga dykkar i kvart enkelt tilfelle.
- Oversikt over institusjonsprofilen i søknadsskjemaet (pdf)
- Oversikt over Søknad om akkreditering av fagskoleutdanning i søknadsskjemaet (pdf)
Rettleing
For å finne rettleiinga som er retta mot dykk, vel type akkreditering og følg rettleiinga: