Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring gir oversikt over utdanningsnivåa i Noreg og viser kva nivå kvalifikasjonar frå det norske utdanningssystemet er plasserte på i forhold til kvarandre. Rammeverket er eit bidrag for å stimulere til livslang læring.
Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er i tillegg ein reiskap som skal gjere det enklare å samanlikne norske og utanlandske kvalifikasjonar. På denne måten skal det medverke til å fremje mobilitet over landegrensene.
Få en kort introduksjon til NKR:
-
Om kvalifikasjonsrammeverket
I framtida er det meininga at alle vitnemålstillegg og/eller vitnemål og kompetanseprov gitt av nasjonale myndigheiter skal ha referanse til nivå i kvalifikasjonsrammeverket. Vitnemålstillegg og/eller vitnemål og kompetanseprov skal også vise korleis kvalifikasjonar i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er knytte til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) og Bologna-rammeverket (QF-EHEA). Formålet er at det gjennom desse rammeverka skal bli enklare å samanlikne utdanningskvalifikasjonar på tvers av landegrensene. Slik kan det bli lettare å finne arbeid i andre land, og høvet til livslang læring blir styrka.
Kva informasjon finst i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket og i læringsutbytebeskrivingene?
Kvalifikasjonsrammeverket omtalar det norske utdanningssystemet. Det gir ei generell framstilling av kva alle kandidatar på dei ulike nivåa skal kunne ved fullført kvalifikasjon. For kvart nivå omtalar læringsutbyte i kategoriane kunnskap, dugleikar og generell kompetanse kva som skal vere nått ved fullførd kvalifikasjon. Vidare forklarast noko som gradar, titlar, vitnemål, fag-/sveinebrev og kompetanseprov som er knytte til dei ulike nivåa.
Rammeverket er eit overordna rammeverk, som ikkje inneheld faglege læringsutbytebeskrivinger. Faglege læringsutbytebeskrivinger vil framleis finnast i læreplanar, studieplanar og fagplanar. Desse omtalar kva fagspesifikke kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse kandidaten har etter fullført utdanning.
Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er eit verktøy som skal gjere det enklare å forstå:
– samanhengen mellom dei ulike kvalifikasjonane i utdanningssystemet
– forskjellen i læringsutbyte mellom dei ulike nivåa i rammeverket
– dei ulike vegane for å oppnå ein kvalifikasjon gjennom utdanningssystemet
Kva kan kvalifikasjonsrammeverket brukast til?
Formålet med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk er å:
– betre kommunikasjonen mellom utdanningssektoren og arbeidslivet
– gi ein overordna omtale av kva ein elev/lærling/kandidat skal kunne etter fullført utdanning på dei ulike nivåa
– gi ein omtale av utdanningssystemet sin indre samanheng på ein ny måte, som vil lette utdannings- og karriererettleiing
– vere eit verktøy for å samanlikne kvalifikasjonar frå ulike land, via dei to europeiske rammeverka (EQF og QF-EHEA)
– leggje til rette for verdsetjing av realkompetanse og kompetanse utanfor det formelle utdanningssystemet
-
Nivå i kvalifikasjonsrammeverket
I det norske kvalifikasjonsrammeverket er det sju nivå. Grunnskulen er den lågaste kvalifikasjonen og startar på nivå 2. Doktorgrad (ph.d.) er den høgaste kvalifikasjonen og ligg på nivå 8. Kvart nivå i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er ein kvalifikasjon. I Noreg er det ikkje innplassert kvalifikasjonar på nivå 1, og dette nivået er dermed ikkje med i denne oversikta.
Dei ulike nivåa skal representere ein progresjon, sjølv om ikkje alle nivå krev at førre nivå er nått. Progresjonen skal framstille ein stigande grad av kompleksitet. Dette gjeld sjølve kunnskapen, dugleiken og situasjonen den skal brukast i. I tillegg kjem forventningane til sjølvstende, analyse, vurdering og nyskapning hos den som bruker kunnskapen og dugleikane.
Læringsutbyte
Kvalifikasjonsrammeverket omtalar dei kvalifikasjonane alle kandidatar minst skal ha etter fullført utdanning. Kvalifikasjonane omtalast som det nåtte læringsutbytet i kategoriane kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse.
Les omtalar av læringsutbyte for dei ulike nivåa i kvalifikasjonsrammeverket
-
Plassering av vitnemål og gradar
Kunnskapsdepartementet har avgjort kva nivå dei ulike gradane og vitnemåla skal vere innplasserte på. Berre fullførd utdanning på hovudnivåa i det norske utdanningssystemet og gradar, er plassert i kvalifikasjonsrammeverket.
Nivå | Vitnemål og gradar
Nivå 2
Vitnemål frå grunnskulen
Nivå 3
Kompetanseprov for vidaregåande opplæring
Nivå 4
Vitnemål frå vidaregåande opplæring
Fagbrev
Nivå 5
Vitnemål frå fagskuleutdanning (plassert i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som fagskule 1 og fagskule 2)
Nivå 6 (fyrste syklus)
Høgskulekandidat (delnivå)
Bachelorgrad
Grunnskulelærarutdanning
AllmennlærarutdanningNivå 7 (andre syklus)
Mastergrad
Master of Arts
Master of Business Administration (MBA)
Master of International Business (MIB)
Master of Technology Management
Master i rettsvitskap (laws)
Candidata/candidatus medicinae (cand.med.)
Candidata/candidatus medicinae veterinariae (cand.med.vet.)
Candidata/candidatus psychologiae (cand.psychol.)
Candidata/candidatus theologiae (cand.theol.)Nivå 8 (tredje syklus)
Philosophiae doctor (ph.d.)
Doctor philosophiae (dr.philos.)
Diplom, kunstnarleg utviklingsprogramKvalitetssikring av kvalifikasjonar
Alle kvalifikasjonar plasserte i kvalifikasjonsrammeverket er kvalitetssikra gjennom dei nasjonale kvalitetssikringssystema knytte til nivået for den aktuelle kvalifikasjonen.
Grunnskule og vidaregåande opplæring
Kvalifikasjonar frå grunnskule og vidaregåande opplæring (grunnkompetanse, fag- og yrkesopplæringa og generell studiekompetanse) blir plasserte på nivå i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverkeret gjennom Kunnskapsdepartementets fastsetjing av læreplanar.
Fagskuleutdanning
Kvalifikasjonar frå fagskuleutdanning (fagskule 1 og fagskule 2) blir plassert på nivå i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket gjennom NOKUT-godkjenning av fagskuleutdanning.
Fagskular med fagområdegodkjenning har sjølv fullmakt til å godkjenne fagskuleutdanning innanfor fagområdet sitt og plassere utdanninga på nivå i kvalifikasjonsrammeverket.Les meir om godkjenning av fagskuleutdanning
Høgare utdanning
Universitet og høgskular med sjølvakkrediteringsfullmakt opprettar studium sjølv og plasserer desse på nivå i kvalifikasjonsrammeverket.
Høgskular som ikkje har fullmakt til å opprette studium sjølv, må søkje NOKUT om akkreditering. Gjennom akkreditering frå NOKUT blir eit studium plassert på eit nivå i kvalifikasjonsrammeverket.
-
Omgrep og termar
Her kan du finne ei oversikt over sentrale omgrep som blir brukte innanfor kvalifikasjonsrammeverket og forklaringar på desse.
Listene er delte inn slik at dei mest sentrale omgrepa står i tabell 1 og er sorterte slik at relaterte omgrep blir forklarte i samanheng. I tillegg er den engelske definisjonen teken med. Tabell 2 viser ei meir omfattande ordliste og er sortert alfabetisk.
-
Bakgrunn
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring er Noregs vidareføring av to europeiske prosessar: EQF*-prosessen i EU og Bologna-prosessen (QF-EHEA).
Kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning, kalla Bologna-prosessen (QF-EHEA), gjeld samarbeid om høgare utdanning mellom 47 land i Europa. Bologna-rammeverket er eit overordna kvalifikasjonsrammeverk og omtalar dei tre kvalifikasjonsnivåa i høgare utdanning.
* Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket
Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) og Bologna-kvalifikasjonsrammeverket (QF-EHEA) er bindeledd mellom dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka.
European higher education area and Bologna process
Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk - informasjon hos Kunnskapsdepartementet
Arbeidet i Noreg
I 2005 oppretta Kunnskapsdepartementet ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å vurdere behovet for eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, kva for ei betyding dette ville ha, og korleis dette burde utformast. Medlemene i arbeidsgruppa var:
– Universitets- og høgskulerådet
– Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)
– Universitets- og høgskuleavdelinga i Kunnskapsdepartementet
– Studentorganisasjonane
Ein rapport med eit konkret forslag til rammeverk blei sendt på høyring i 2007. I tillegg blei det nedsett ei referansegruppe med medlemer frå:
– høgare utdanning
– fagskulesektoren
– dei vidaregåande skulane
– partane i arbeidslivet
– Vaksenopplæringsforbundet
– VOX (no Kompetanse Noreg)
– Statens autorisasjonskontor for helsepersonell
– Utdanningsforbundet
– Forskerforbundet
– Senter for internasjonalisering av høyere utdanning
– Nærings- og handelsdepartementet
Forslaget blei justert og drøfta med sektoren. Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for dei tre nivåa i høgare utdanning blei sette i mars 2009. Frista for å sette rammeverket i all høgare utdanning ut i livet var innan utgangen av 2012.
Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for all utdanning omtalar kvalifikasjonar på europeisk nivå i form av læringsutbyte. Rammeverket er eit verktøy for å samanlikne det ulike landa sine utdanningssystem med kvarandre, og gjere dei lettare å forstå. Alle typar utdanning som allmennutdanning, yrkesopplæring, høgare utdanning og vaksenopplæring blir omfatta av det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. Dette har åtte nivå og dekkjer kvalifikasjonar frå grunnskule til doktorgrad.
I 2006 blei arbeidet med å utgreie eit kvalifikasjonsrammeverk for alle nivå starta. Ei brei samansett referansegruppe blei oppretta. I løpet av utgreiingsprosessen blei arbeidet med læringsutbytebeskrivelser for fag- og yrkesopplæringa starta opp. I 2009 blei det lagt fram ein rapport som la grunnlaget for det vidare arbeidet med NKR.
Milepålar
1. februar 2011 arrangerte Kunnskapsdepartementet og NOKUT oppstartkonferanse for tilvisinga av det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket.
6. juni 2011 inviterte Kunnskapsdepartementet og NOKUT til ny konferanse. Formålet var at arbeids- og samfunnsliv og utdanningssektoren skulle gi innspel i arbeidet med koplinga mellom det nasjonale og det europeiske kvalifikasjonsrammeverket.
-
Kva er status i arbeidet?
Forskrift om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring og om tilvisinga til Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring
Kunnskapsdepartementet fastsette forskrift om NKR og EQF 8. november 2017.
Tilvisingsprosessen
Kunnskapsdepartementet la fram og fekk godkjent rapporten som tilviser nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring på eit møte i EQF Advisory Group fredag 6. juni 2014. Rapporten tilfredsstiller alle ti tilvisingskriteriane.
Tilvisinga byggjer på ein rapport frå 2012. Rapporten blei utarbeidd av ei breitt samansett arbeidsgruppe, og kom med forslag til tilvisingar av nivåa i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk til Det europeiske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. I tillegg presenterer rapporten sjølv-sertifiseringa (vurdering av kompatibilitet) av kvalifikasjonsrammeverket inn mot Bolognarammeverket (QF-EHEA).
Presentasjonen av tilvisingsrapporten er fyrste skritt i prosessen med å knyte nivåa i NKR til nivåa i EQF, noko som vil gjere det enklare å samanlikne nasjonale kvalifikasjonar med kvalifikasjonar i andre europeiske land. Kunnskapsdepartementet planlegg å forskriftsfeste Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og tilvisinga i løpet av hausten 2014/våren 2015.
Les dokumenta som blei presenterte for EQF Advisory Group
Plassering av kvalifikasjonar frå ikkje-formell opplæring i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk
I oktober 2013 sette Kunnskapsdepartementet ned eit utval som skulle utgreie og kome med forslag til korleis opplæringstilbod utanfor det formelle utdanningssystemet kan plasserast i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring. Rapporten til utvalet blei gjeven til kunnskapsministeren 30. april 2015.
Utvalet er delt i vurderingane sine av behovet for å plassere kvalifikasjonar frå ikkje-formell opplæring i NKR og korleis dette kan gjerast. Utvalet har derfor utarbeidt to ulike modellar som viser alternative tilnærmingsmåtar.
-
Dokument
- Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) – bokmål (pdf)
- Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) – nynorsk (pdf)
- Dássegovvádusat – Olles eallima oahppama nationála gealborámmat (NGR) – Davvisámegiella (pdf)
- The Norwegian Qualifications Framework for Lifelong Learning (NQF) – English (pdf)
-
Kontaktinformasjon
NOKUT er nasjonalt kontaktpunkt for det norske kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring (NKR) og det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF).
Besøksadresse:
Drammensveien 288Postadresse:
Postboks 578,
1327 LysakerTelefon: + 47 21 02 18 00 (Sentralbord)
Telefaks: + 47 21 02 18 01E-post til postmottak: postmottak@nokut.no
-
Eksterne lenker
Nasjonale kontaktpunkt til EU (NCP)
Danmark – Styrelsen for Videregående Uddannelser
Sverige – Myndigheten för yrkeshögskolan
Finland – The Finnish National Board of EducationAndre viktige nettsider