Akkrediterte fagområde

Ei fagområdeakkreditering er ei fullmakt som gir fagskulen rett til å akkreditere nye utdanningar innanfor eit klart definert fagområde, og til å gjere vesentlege endringar i fagskuleutdanningane innanfor det same fagområdet.

Akkrediterte fagområder på NOKUTs Utdanningsdata (data.nokut.no)

Der finn du aktive fagområde som NOKUT har akkreditert, og utdanningar som er melde inn frå fagskulane med fullmakt i fagområdeakkrediteringa.

Akkrediteringsvedtaket og rapporten for kvar fagområdeakkreditering finn du i oversikta over NOKUTs tilsynsrapportar og vedtak for akkreditering av fagområde.

Fagskular med fagområdeakkreditering skal melde frå til NOKUT når dei planlegg visse endringar i ei akkreditert utdanning, og når dei skal opprette ei ny utdanning innanfor det akkrediterte fagområdet.