Generelt om norsk utdanning

NOKUT har ansvaret for å kvalitetssikre høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg, men desse utdanningane er ein del av eit meir omfattande utdanningssystem og byggjer på grunnutdanning og vidaregåande opplæring.

Barn og unge har rett og plikt til å gjennomføre grunnskulen i Noreg. Også vaksne har rett til grunnskuleopplæring. Alle som har fullført grunnskulen har rett til vidaregåande opplæring som fører fram til studie- eller yrkeskompetanse. Med studiekompetanse kan ein gå vidare på ei universitets- eller høgskuleutdanning. Høgare utdanningar finst på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Dei skal vere baserte på forsking. Fagskulen er eit kortvarig, yrkesretta alternativ til høgare utdanning.

Her følgjer ei oversikt over det norske utdanningssystemet: