Beskjed om fagskulesøknader

Om de planlegg å søke akkreditering av fagskuleutdanning til neste søknadsfrist, ber vi om beskjed i god tid. Ein beskjed på førehand lét oss behandle søknader meir effektivt.

Kva ønskjer vi beskjed om?

Vi ber om beskjed om de planlegg å søke om akkreditering av fagskuleutdanning ved neste søknadsrunde. De må ikkje gi beskjed på førehand, men om de gir beskjed, kan vi ofte førebu søknadsbehandlinga slik at ho blir meir effektiv. 

Kva må de skrive i beskjeden?

Vi treng nok informasjon om innhaldet i utdanninga til å kunne starte planlegginga av neste søknadsrunde. Vi vil nytte informasjonen mellom anna til å finne sakkunnige og sørgje for at dei rette saksbehandlarane hos oss er klare til å behandle sakene. Informasjonen vil ikkje ha innverknad på korleis vi vurderer søknaden.

Vi ønskjer at de fyller ut et eige skjema

Vi har eit eige skjema for beskjed om søknader, som vi ønskjer at de nyttar.

Når ønskjer vi beskjed?

Det er mogleg å gi beskjed heilt fram til søknadsfristen som gjeld for dykk, men vi håper de gir oss beskjed seinast ein månad før fristen. Di tidlegare beskjeden kjem, di meir effektiv kan saksbehandlinga bli. Fristane for å søke finn de her.

Send skjemaet med beskjed til: fagskole@nokut.no