Sakkunnige – studietilbod på ph.d.-nivå

Når vi tek i mot søknader om akkreditering av studietilbod på ph.d.-nivå, gjer vi fyrst ei administrativ vurdering av om dei formelle krava er oppfylte. Søknader går så vidare til vurdering hos sakkunnige komitear.

Den sakkunnige komiteen

Basert på søknaden og ei to-dagars institusjonsgjesting, gjer dei sakkunnige ei fagleg vurdering av søknaden opp mot NOKUTs krav (sjå studietilsynsforskriften kapittel 2). Dette munnar ut i ei felles vurdering der dei sakkunnige konkluderer med om dei tilrår akkreditering eller ikkje. Sjå saksgangen i studieakkreditering for meir informasjon.

Som hovudregel vel vi fire sakkunnige til å vurdere ein søknad om akkreditering. Institusjonane som søkjer om akkreditering kan foreslå sakkunnige og kommentere på forslag, men det er NOKUT som avgjer kven vi ønskjer å bruke som sakkunnige.

Krav til dei sakkunnige sine kvalifikasjonar

I studietilsynsforskrifta er det sett krav til dei sakkunnige sin kompetanse på ph.d.-nivå:

  • Dei sakkunnige skal ha kompetanse i og erfaring frå gjennomføring av tilsvarande eller liknande studium.
  • Ein stipendiat skal inngå i komiteen.
  • Som regel bruker vi berre professorar, i tillegg til stipendiaten.
  • Minst éin av dei sakkunnige skal ha relevant internasjonal kompetanse, og blir som oftast rekruttert frå ein institusjon i utlandet.

Det er også viktig at dei sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen eller studiet dei skal akkreditere eller har andre tilknytingar til institusjonen som gjer dei inhabile. Sjå studietilsynsforskriften. Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før vedtaket er fatta.

Dei sakkunnige kjem med tilrådingar til NOKUT i akkrediteringssaker, men det er NOKUT som står ansvarleg for vedtaket. Den sakkunnige vurderinga kan søkjar ikkje klage på.

Om det å vere sakkunnig