NOKUT ønskjer å løfte kunnskapsnivået om praksis i høgare utdanning

Korleis lukkast med praksis? Ein ny NOKUT-rapport trekkjer fram eksempel frå dei som har knekt koden.

Høgare utdanning og arbeidslivsrelevans er i vinden, og praksis blir trekt fram som eit verkemiddel for å auke relevansen til utdanningane.

Kunnskapsdepartementet arbeider med ei melding om arbeidslivsrelevans, der praksis vil vere ein sentral del. Samtidig veit vi at det er ein del utfordringar når det gjeld praksis og at kvaliteten er svært varierande.

– Vi må spørje oss kva problem praksis skal løyse, kva slags læringsutbytte det skal bidra til og om andre læringsformer kunne gitt oss det same. Kunnskapen om desse aspekta er viktig for at nye praksisordningar blir utvikla på ein måte som gir studentane eit godt læringsutbytte, forklarer NOKUTs administrerande direktør Terje Mørland.

Innhente, systematisere og spreie informasjon

Dette kunnskapsbehovet er bakgrunnen for NOKUTs prosjekt Operasjon praksis. Målet er å innhente, systematisere og spreie informasjon om praksis i høgare utdanning. Prosjektet gir merksemd om aktuelle utfordringar, samle kunnskap om faktorar som er viktige for å lukkast med praksis og skaper arenaer der sentrale aktørar kan dele erfaringar og kunnskap.

– NOKUT ønskjer at universitet og høgskular, myndigheiter og ikkje minst arbeidslivet skal ha eit kunnskapsbasert forhold til praksis, seier Mørland.

Prosjektet består av ei rekkje delrapportar som til slutt vil bli samla i ein rapport. Denne blir etter planen lansert i midten av september i år.

Gode praksiseksempel

I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget er det nyttig å sjå til somme av dei som lukkast med praksisordningane sine. Det er dette som blir trekt fram i den nye delrapporten Praksis i høyere utdanning – gode eksempler, som NOKUT legg fram på eit frukostmøte på Universitetet i Agder onsdag 5. juni.

– I rapporten viser vi fram nokre eksempel på organisering og gjennomføring av praksis som vi håper kan vere til inspirasjon for andre, forklarer Ingvild Andersen Helseth. Ho er medforfattar av rapporten og prosjektleiar for "Operasjon praksis".

Eksempla som rapporten trekkjer fram knyter seg til fire ulike fag: sjukepleie ved UIA, barnevernspedagog ved USN, grunnskulelærarutdanning ved USN, og økonomi og administrasjon ved NMBU. Sjølv om det er eit stort spenn i fag identifiserer rapporten ganske mange fellestrekk.

– Vi har blant anna sett at god kommunikasjon er avgjerande for studentane sitt læringsutbyte og opplevinga av praksisen. Gjennomgåande for fagmiljøa vi har snakka med er at dei framhevar god dialog med praksisstadene som ein sentral grunn til at dei lukkast. Det er også viktig at kommunikasjonen og samarbeidet fungerer godt internt i fagmiljøa, seier Helseth.

– Målet er å inspirere andre

Sjølv om rapporten identifiserer ein del fellestrekk, er det ikkje slik at det som fungerer ein stad automatisk lèt seg overføre til andre stader.

– Noko som fungerer godt i ein kontekst treng ikkje fungerer like godt i ein annan. Målet er derfor å inspirere andre til å reflektere over kva dei kan lære av måten desse fire miljøa organiserer, gjennomfører og vidareutviklar praksis på, avsluttar Helseth.

Somme av hovudfunna frå prosjektet og rapporten blir presentert av Helseth under NOKUT-frukosten Hvordan få til god praksis i utdanninga? på UiA onsdag 5. juni. Hele møtet blir strøymt og kan sees her både direkte og i opptak.

Les den ferske rapporten og ytterlegare rapporter frå prosjektet.

Fekk du med deg denne? Høyr podcastepisoden vår om praksis i høgare utdanning.

Del med andre