Nytt doktorgradprogram ved Høgskulen på Vestlandet

NOKUT har i dag akkreditert ph.d.-studiet Helse, funksjon og deltagelse ved Høgskulen på Vestlandet. Med dette har høgskulen tre doktorgradprogram. NOKUT har óg gitt høgskulen tilsegn om akkreditering for ph.d.-studiet Responsible Innovation and Regional Development.

– Vi gratulerer Høgskulen på Vestlandet med nytt doktorgradprogram og tilsegn om eit anna. Høgskulen har gjennom søknaden og ved institusjonsbesøk lagt fram planar om to gode og ambisiøse doktorgradprogram, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Ph.d.-studiet Responsible Innovation and Regional Development fekk tilsegn om akkreditering. Mørland forklarar det slik:

– Akkurat no oppfyller ikkje dette doktorgradprogrammet krava om akkreditering. Den forskingskompetansen fagmiljøet har er ikkje dekkande for alle delane av programmet. Dei planlagde tilsettingane av professorar er derimot tilstrekkeleg for å oppfylle alle krava for akkreditering. Vi har derfor valt å gi tilsegn om akkreditering no.

Høgskulen må innan 6. februar 2020 dokumentere tilsetting i minst ei av dei planlagde stillingane. Doktorgradprogrammet vil da bli akkreditert.

Dei faglege fullmaktene som følgjer med akkrediteringa vil vere knytte opp mot det tverrfaglege området og fagretningane innan programmet.

Helse, funksjon og deltagelse

Dette programmet vektlegg samanhengen mellom helse, funksjon og deltaking. Helse blir omtala som sjølve kjerneomgrepet i programmet, samtidig som både funksjons- og deltakingsomgrepet er heilt sentrale omgrep for studieprogrammet. Programmet skil seg frå ein generell helsefagleg ph.d. ved å vere tematisk avgrensa til å ta for seg samanhengen mellom helse, funksjon og deltaking, men ope ved at temaet kan studerast frå svært mange disiplinære tilnærmingar.

Responsible Innovation and Regional Development

I sentrum av dette programmet står innovasjonsstudium med vekt på ansvarleg innovasjon for ei berekraftig regional utvikling. Programmet vil ha tre retningar: industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentlig sektor. Identifisering og vurdering av drivkrefter og hindringar for ansvarleg innovasjon og regional utvikling skal bidra til sosial og økonomisk utvikling i regionen.

Om Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet blei oppretta 1. januar 2017 ved ein fusjon mellom Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Høgskulen har frå før to akkrediterte ph.d.-program. Eit i datateknologi og eit i danning og didaktiske praksisar.

Høgskulen har fire fakultet fordelt på fem campus med om lag 16 600 studentar og om lag 1 600 tilsette.

Del med andre