Trøndelag høyere yrkesfagskole får avslag på søknaden deira om fagområdeakkreditering
NOKUTs styre har vedteke at Trøndelag høyere yrkesfagskole ikkje får akkreditert fagområdet Helse og oppvekst.
Vedtaket inneber at fagskulen framleis må søkje NOKUT om akkreditering av nye utdanningstilbod innan fagområdet. Med ei fagområdeakkreditering ville skulen fått høve til å opprette og endre utdanningar innanfor fagområdet på eiga hand. Fagskulen kan søkje på nytt om fagområdeakkreditering dersom han på eit seinare tidspunkt kan dokumentere at krava er oppfylte.
– Trøndelag høyere yrkesfagskole har lagt eit godt grunnlag for vidare utvikling av fagområdet. Samstundes viser den sakkunnige vurderinga at det er behov for å tydeleggjere den faglege innretninga og styrkje delar av fagmiljøet før krava til fagområdeakkreditering er oppfylte, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
Den sakkunnige komiteen meiner det ikkje kjem tydeleg nok fram kva faglege område som skal utgjere kjernen i helsedelen av fagområdet. Komiteen peikar på at fagområdet ikkje er tydeleg definert, og at det difor blir vanskeleg å vurdere om sentrale krav er oppfylte. Etter komiteen sitt syn inneheld strategien for utvikling av fagområdet fleire gode tiltak, mellom anna etablering av fagråd, deltaking på relevante arenaer og vidareutvikling av kompetansen i fagmiljøet. Samstundes meiner komiteen at strategien i for liten grad peikar ut tydelege faglege prioriteringar.
Komiteen vurderer òg at fagmiljøet innan oppvekstdelen av fagområdet ikkje har tilstrekkeleg breidd i den formelle kompetansen. Det er berre éin tilsett med hovudsakleg oppvekstfagleg kompetanseprofil, og komiteen meiner fagmiljøet må styrkjast for å kunne utvikle nye utdanningar innan oppvekstfeltet. Samstundes trekkjer dei sakkunnige fram at fagmiljøet har tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse. Dei viser til at alle dei tilsette har formell pedagogisk utdanning og at fleire har gjennomført kurs i bruk av simulering som undervisningsmetode.
Les akkrediteringsrapport med vedtak (pdf)
Fakta om fagskulen
Trøndelag høyere yrkesfagskole er ein offentleg fagskule eigd av Trøndelag fylkeskommune. Skulen vart etablert etter samanslåinga av sju fylkeskommunale fagskular i 2018, og tok imot dei første studentane i 2020. I dag tilbyr skulen høgare yrkesfagleg utdanning innan tekniske fag, maritime fag, havbruk, helse og oppvekst og mat og reiseliv. Ved rapporteringa våren 2026 hadde skulen 1205 aktive studentar fordelte på 46 utdanningstilbod. Skulen har studiestader fleire stader i Trøndelag og har inga fagområdeakkreditering frå før.