NOKUT publiserer to nye surveyrapportar

NOKUT publiserer no resultat frå spørjeundersøkingar gjennomført som del av evalueringane av journalistikkutdanningane og erfaringsbaserte masterprogram i leiing. Rapportane viser korleis studentane sjølv vurderer utdanningane dei tar.

Som ein del av evalueringane har NOKUT gjennomført spørjeundersøkingar blant studentar på utvalde utdanningar på bachelor- og masternivå vinteren 2026. For evalueringa av masterprogram i leiing er det også gjennomført ei spørjeundersøking blant studentar som fullførte utdanninga i 2025. Dei to rapportane presenterer deskriptive resultat frå undersøkingane.

Journaliststudentane er i hovudsak fornøgd med utdanninga. Tre av fire er fornøgd med utdanningskvaliteten, og mange opplever at det dei lærar er relevant for jobben som journalist. Dei vurderer også undervisarane sin kjennskap til journalistisk praksis og bruk av døme frå mediebransjen positivt. Samtidig peikar studentane på område der utdanningane kan bli betre. Berre 23 prosent opplever at dei i stor eller svært stor grad lærer å bruke KI som reiskap i journalistisk arbeid. Studentane som har vore i praksis er positive til sjølve praksisopphaldet, men mindre positive til oppfølginga og samordninga mellom utdanninga og praksisstaden.

Også studentane på erfaringsbaserte masterprogram i leiing er fornøgde. Dei framhevar at nærleiken til arbeidslivet er veldig bra. Eit stort fleirtal opplever studiet som relevant for arbeidskvardagen og meiner teori og erfaringar frå arbeidslivet heng godt saman. Samtidig er det krevjande å kombinere studiar og jobb. Nesten alle studentane jobbar heiltid ved sida av studiane, og mange peiker på tid som ei utfordring. For dei fleste blir ikkje arbeidstida redusert for å gi plass til studia. 15 prosent oppgir at arbeidsgivar legg til rette på denne måten.

Dei to rapportane er deskriptive delrapportar, ikkje dei endelege evalueringsrapportane. Resultata skal sjåast saman med mellom anna intervju, sjølvevalueringane til institusjonane og anna dokumentasjonsgrunnlag i det vidare evalueringsarbeidet.

Samandrag og lenkjer til rapportane

Del med andre