Akkreditering – høgare utdanning

Aktørar som tilbyr høgare utdanning har ulik myndigheit til å opprette nye studietilbod. Alle studietilbod i høgare utdanning i Noreg skal vere akkrediterte.

Akkreditering er eit vedtak basert på ei fagleg vurdering som viser om eit studietilbod eller ein institusjon oppfyller krava i universitets- og høgskulelova.

  • Universiteta har myndigheit til å akkreditere nye studietilbod på alle nivå.
  • Vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular har myndigheit til å akkreditere på lågare grads nivå for alle fagområde. For fagområda der høgskulane har rett til å skrive ut doktorgrad har dei myndigheit til å akkreditere studietilbod på både lågare og høgare grads nivå. For fagområde utanom doktorgradområda må akkrediterte høgskular og vitskaplege høgskular søkje NOKUT om akkreditering av studietilbod på høgare grads nivå og doktorgradsnivå.
  • Ikkje-akkrediterte høgskular må søkje NOKUT om akkreditering av alle studietilbod.

NOKUT skal føre tilsyn med at akkrediterte studietilbod og institusjonar oppfyller dei gjeldande standardane og kriteria for akkreditering, jf. universitets- og høgskulelova § 3-6 første ledd.

Nytt studietilbod

Sjå Veiledning om akkreditering av studietilbud (pdf) for informasjon om skipinga av eit nytt studietilbod. Rettleiarar er tilgjengelige på Rettleiingar og skjema.

Ny institusjonskategori          

Sjå Veiledning – akkreditering som høyskole (pdf) og Veiledning – akkreditering som universitet (pdf) for informasjon om endring av institusjonskategori. Rettleiarar er tilgjengelige på Rettleiingar og skjema.