Ny organisering av NOKUTs arbeid med norsk utdanning

Frå 1. mai er NOKUTs arbeid med norsk utdanning organisert i to nye avdelingar: avdeling for regelverk og tilsyn og avdeling for evaluering og analyse.

Kunnskapsforvaltninga har dei siste åra blitt omorganisert, og NOKUT har fått nye oppgåver. Dei nye oppgåvene dreier seg om forvaltning av forskrifter og analyse- og kontrolloppgåver knytt til økonomi og administrative forhold. Med desse oppgåvene har NOKUT fått meir juridisk og økonomisk kompetanse.

NOKUTs arbeid med evaluering, utgreiing og analyse held fram som før. Vi skal framleis samle og formidle kunnskap om kvalitetstilstanden i sektoren og stimulere kvalitetsutvikling gjennom å rette merksemda mot kvalitetsutfordringar og gode praksisar.

Det einaste NOKUT hadde av økonomiske insentiv, SFU-ordninga, blei i 2018 overførd til Diku, som no forvaltar alle økonomiske stønadsordningar på feltet.

Todelt oppgåveprofil

NOKUTs arbeid for å sikre, utvikle og informere om kvalitet har etter desse justeringane fått ein tydeleg todelt profil med verkemiddel i to hovudkategoriar:

  • regelverksforvaltning og tilsyn
  • evaluering, analyse og formidling av informasjon om kvalitetstilstanden

Den nye organiseringa tek utgangspunkt i denne todelinga.

– Målet er at omorganiseringa skal bidra til å styrkje NOKUT både som forvaltningsorgan som forvaltar regelverk og som fagorgan som får fram og formidlar kunnskap om kvalitetstilstanden i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg håper eg den nye organiseringa bidrar til å gjere det lettare å kommunisere kva som er NOKUTs roller og oppgåver i den nye kunnskapsforvaltninga, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Avdeling for regelverk og tilsyn

Avdelinga har ansvaret for NOKUTs myndigheitsfunksjonar overfor områda høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg forvaltar avdelinga forskrifter i sektoren. Ansvaret til avdelinga omfattar:

  • tilsyn med kvalitetsarbeid
  • tilsyn med og akkreditering av studieprogram og institusjonar
  • tilsyn, analyse og kontroll av økonomiske og administrative forhold
  • forskriftsforvaltning
  • erfaringsdeling med og rettleiing av institusjonane

Avdelinga kontrollerer at institusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning følgjer reglar i lov og forskrift. I tillegg bidrar den til at institusjonane lukkast med å sikre og utvikle kvaliteten i eiga verksemd.

Tilsynsdirektør Øystein Lund er leiar av avdelinga, og den er inndelt i tre seksjonar:

  • Seksjon for studieprogram (hovudansvar for arbeid retta mot studieprogramnivå)
  • Seksjon for institusjonar (hovudansvar for arbeid retta mot institusjonsnivå)
  • Juridisk seksjon

Avdeling for evaluering og analyse

Avdelinga har ansvaret for å gjennomføre evalueringar, undersøkingar og analysar for å få fram, setje saman og formidle kunnskap om kvalitetstilstanden i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.

I porteføljen til avdelinga inngår mellom anna:

  • evalueringar
  • nasjonale undersøkingar som Studiebarometeret og Underviserundersøkelsen
  • nasjonale deleksamenar
  • oppsummeringar og analysar av kvalitetstilstanden på fag- og studieprogramnivå

Avdelinga koordinerer òg NOKUTs arbeid med tematiske satsingar. Avdelinga er dessutan NOKUTs ressurs for statistikk og kvantitative data og arbeider saman med dei andre avdelingane i NOKUT med utgreiingar og analysar.

Analysedirektør Ole-Jacob Skodvin leiar avdelinga.

Nytt organisasjonskart

NOKUTs arbeid med utanlandsk utdanning held fram som før. Denne omorganiseringa gjeld derfor ikkje avdeling for utanlandsk utdanning. Det same gjeld administrasjonsavdelinga og kommunikasjonsavdelinga.

Del med andre