Norges grønne fagskole – Vea får utvida fagområdeakkreditering

NOKUTs styre har i dag vedtatt å utvide Veas fagområdeakkreditering. Vea var den fyrste fagskulen som fekk fagområdeakkreditering i Noreg, og no er denne akkrediteringa utvida for betre å dekkje kompetansen til fagskulen og kompetansebehovet til yrkesfelta.

Noregs grøne fagskule – Vea fekk i 2012 akkreditering for fagområdet grøne design- og miljøfag og tilbyr blant anna fagskuleutdanning for gartnarar, anleggsgartnarar og blomsterdekoratørar.

Den sakkunnige komiteen meiner Vea har god og relevant kompetanse å bidra med på dei nye yrkesfelta som fagskulen no sjølv kan akkreditere fagskuleutdanningar til. Eit eksempel er utdanningar knytte til bruk av vegetasjon og landskap i verksemder tilknytt folkehelse.

Les tilsynsrapporten (pdf)

NOKUTs direktør Terje Mørland er fornøgd:

– Dette viser at ordninga med fagområdeakkrediteringar fungerer. Vea har dokumentert at dei har god kompetanse innan eit fagområde og eit yrkesfelt som stadig er i utvikling, og då har vi raskt tilpassa fagområdeakkrediteringa.

Fagområde i utvikling

Dei siste åra har fagmiljøet ved Vea utvikla seg mykje, og avgrensinga som blei gitt i 2012 er ikkje lenger dekkjande for kompetansen til fagmiljøet slik han er i 2020. Derfor søkte skulen om endring i avgrensinga til fagområdet i november 2019. Den nye avgrensinga gir Vea eit noko større handlingsrom og opnar for at Veas fagskuleutdanningar også kan utviklast på tvers av yrkesfelta for å innfri nye kompetansebehov.

Del med andre