Nord universitet får to år til å rette opp manglar i doktorgradsprogram

NOKUT har vedtatt å gi Nord universitet to år til å rette opp manglane i doktorgradsprogrammet ph.d. i studium av profesjonspraksis.

Innstillinga frå den sakkunnige komiteen som vurderte doktorgradsprogrammet, blei sendt Nord universitet 18. november 2019. Komiteen konkluderte med at programmet ikkje oppfyller krava for akkreditering. NOKUTs styre har no fatta vedtak i tråd med tilrådingane frå komiteen. Samtidig blei ønsket til Nord universitet om ein opprettingsfrist på inntil to år innfridd. Dette er det lengste regelverket tillèt.

– Vi meiner det er formålstenleg med ein frist på to år. Det gir universitetet høve til å ta dei grepa som må til for å oppfylle alle krava. Det er også i tråd med kva som er praktisert tidlegare når det har vore vesentlege manglar knytt til fagmiljø og forsking, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Når fristen går ut 13. februar 2022, må Nord universitet sende NOKUT dokumentasjon på at doktorgradsprogrammet oppfyller gjeldande krav til akkreditering. Universitetet må blant anna dokumentere at programmet utgjer ein vitskapleg heilskap, at det er samanheng mellom dei ulike delane programmet er sett saman av og at fagmiljøet har tilstrekkeleg kompetanse, storleik og stabilitet. I tillegg må dei dokumentere tilfredsstillande forskingsresultat på høgt internasjonalt nivå.

– Universitetet må definere og avgrense området for doktorgraden tydelegare. Det er nødvendig for i det heile tatt å kunne vurdere om krava til studietilbodet og fagmiljøet er oppfylte, seier Mørland.

Dersom Nord universitet ikkje kan vise at krava er oppfylte innan fristen, vil NOKUT trekkje tilbake akkrediteringa av doktorgradsprogrammet. Då må universitetet med ein gong trekkje studietilbodet tilbake og leggje til rette for at stipendiatane kan fullføre doktorgradsprogrammet ved ein annan institusjon.

Les heile rapporten (pdf)

Del med andre