NOKUT med dispensasjonsreglar for å møte korona-utbrottet

For å gi institusjonane fleksibilitet til å bruke alternative undervisnings- og vurderingsformer mens campusane er stengde, har NOKUT vedtatt ekstraordinære endringar i fagskuletilsynsforskrifta og studietilsynsforskrifta.

Korona-pandemien gir mange praktiske utfordringar for norske fagskular, høgskular og universitet. I fyrste omgang må alle halde fysisk stengt fram til tidlegast 26. mars. Studentane er dermed flytte ut av klasserom, forelesingssalar, laboratorium og verkstader og over på digitale undervisningsplattformer på ubestemt tid.

For å gi institusjonane større handlingsrom i denne situasjonen har NOKUTs styre i dag vedtatt endringar i fagskuletilsynsforskrifta og studietilsynsforskrifta, fortel NOKUTs direktør Terje Mørland.

– Med dei nye dispensasjonsreglane kan lærestadene gjere nødvendige endringar i blant anna undervisning, læringsaktivitetar og eksamen, slik at studentane skal kunne fullføre utdanninga denne våren, seier Terje Mørland.

Nødvendige endringar

I dei nye forskriftsreglane er det sett nokre grenser for kva endringar som kan gjerast:

  • Endringane må vere nødvendige for å følgje stengingspålegget eller andre koronarelaterte pålegg frå styresmaktene.
  • Lærestadene kan ikkje gjere endringar i det samla læringsutbyttet for utdanninga.
  • Lærestadene kan ikkje gjere unnatak frå krav som følgjer av nasjonale eller internasjonale standardar, konvensjonar og avtalar som skal tilfredsstille krava i desse.

Dispensasjonsreglane er nye § 3-9 i fagskoletilsynsforskriften og ny § 2-7 i studietilsynsforskriften.

Høve til å endre undervisningsform

Dispensasjonsreglane gjer det mogeleg for lærestadene å fastsetje kva for undervisningsformer og læringsaktivitetar som skal brukast denne våren. Det inneber til dømes at utdanningar som er akkrediterte som stadbaserte utdanningar, kan gjennomførast med nettundervisning. Det same handlingsrommet gjeld for eksamens- og vurderingsformer.

Det viktige er at studentane får den undervisninga som skal til for at dei kan oppnå læringsutbyttet for utdanninga, understrekar Mørland.

– Vi oppmodar til samarbeid, slik at lærestadene saman kan finne gode løysingar, avsluttar Mørland.

Dispensasjonsregelen gjer det mogeleg å skrive ut vitnemål sjølv om føresetnadene i akkreditering knytte til undervisningsform, praksis, eksamen mv. ikkje blir oppfylt denne våren.

Studentane må framleis ha bestått/oppnådd læringsutbytte for å få vitnemål.

Del med andre