NOKUT akkrediterer fagområde ved Studieforbundet AOF Norge

Styret i NOKUT vedtok i dag å akkreditere fagområdet Helse og oppvekst hos Studieforbundet AOF Norge. Styret avslo samtidig ein akkrediteringssøknad for nytt fagområde frå Noroff Fagskole.

– Vi gratulerer Studieforbundet AOF Norge med akkreditering for fagområdet Helse og oppvekst, seier Terje Mørland, administrerande direktør i NOKUT.

Fagområdet Helse og oppvekst er tilknytt to fag- og yrkesfelt som er tydeleg definerte av myndigheitene og som er godt kjente både innan forvaltninga og yrkesfeltet, noko komiteen meinte danna eit godt grunnlag for vurdering av søknaden.

– God forankring i både yrkes- og utdanningssektoren samt eit godt fagmiljø blei trekt fram som positivt av den sakkunnige komiteen som vurderte søknaden, seier Mørland.

Komiteen tilrår å sende ny søknad

Noroff Fagskole søkte om akkreditering for fagområdet Teknologi og digitale medium, men den sakkunnige komiteen vurderer at fleire av krava for å få akkreditering for fagområde ikkje er oppfylte. Ein av konklusjonane er at fagområdet ikkje er tilstrekkeleg avgrensa, noko som også påverkar vurderinga av dei andre krava.

Den sakkunnige komiteen tilrår fagskulen å sende inn ein ny søknad om akkreditering for fagområdet, basert på utviklinga ved fagskulen og innspela i tilsynsrapporten.

– For å få akkreditering for eit fagområde er det viktig at fagskulane har gode rutinar for å opprette, vidareutvikle og kvalitetssikre studietilboda, seier Mørland. Han peiker vidare på at trenden der fleire og fleire fagskular oppnår fagområdeakkreditering er ei ønskt og positiv utvikling for sektoren. NOKUT behandlar for tida seks andre søknader om fagområdeakkreditering frå fire ulike fagskular.

Tilsynsrapportar

Kva er akkreditering for fagområde?

Fagskular som oppfyller bestemte vilkår, kan søkje akkreditering for eit fagområde og slik få fullmakt til sjølv å utvikle og opprette fagskuleutdanningar innan dette fagområdet. Ein sakkunnig komité, vald av NOKUT, vurderer om fagskulen tilfredsstiller dei faglege krava i fagskulelova, studiekvalitetsforskrifta og fagskuletilsynsforskrifta. Alle krav må vere oppfylte for at NOKUT kan fatte vedtak om akkreditering.

Fram til no har berre seks fagskular oppnått fagområdeakkrediteringer. Desse er:

  • AOF Haugaland
  • Bårdar Akademiet
  • Fagskolen i Østfold
  • Fagskolen Innlandet
  • Fagskolen Kristiania
  • Norges grønne fagskole – Vea

Del med andre