Manglar i kvalitetsarbeidet ved Høgskulen for grøn utvikling

NOKUTs styre har fatta vedtak om ikkje å godkjenne kvalitetsarbeidet ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Det betyr at høgskulen mister retten til å søkje om akkreditering av nye studium.

NOKUT har ført tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Høgskulen for grøn utvikling (HGUT), som fram til årsskiftet heitte Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB).

Tre krav er ikkje oppfylte

Under tilsynet har det kome fram at kvalitetsarbeidet ved HGUT er forankra i styre og leiing, at høgskulen har ein god kvalitetskultur og at han bruker innhenta kunnskap til å utvikle kvaliteten i studietilboda sine. Samtidig får HGUT underkjent på tre av krava i studietilsynsforskrifta.

Desse krava er ikkje godkjente:

  • HGUT manglar tydelege, strategiske mål for det systematiske kvalitetsarbeidet sitt. Måla med kvalitetsarbeidet som er nedfelte i kvalitetshandboka til høgskulen, er per i dag ikkje ein del av kvalitetsarbeidet til institusjonen i praksis.
  • HGUT har ikkje lagt fram dokumentasjon på at dei systematisk kontrollerer at alle studietilbod tilfredsstiller krava om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgare utdanning. 
  • HGUT har ikkje rutinar for periodisk evaluering som ein formell del av kvalitetssystemet. Høgskulen må også knyte datakjeldene sine nærmare kvalitetsområda.

 

I den fyrste tilsynsrapporten frå juni 2019 konkluderte den sakkunnige komiteen med at høgskulen hadde enkelte manglar i kvalitetssystemet sitt. Komiteen gav høgskulen råd om korleis han kunne arbeide vidare for å møte krava som blei underkjende, og dei fekk frist til 1. mars 2020 for å sende inn ny dokumentasjon. Etter å ha vurdert den nye dokumentasjonen, konkluderer komiteen med at HGUT framleis ikkje får godkjent på tre av krava.

Kan ikkje søkje om akkreditering av nye studium

På NOKUTs styremøte torsdag 11. juni fatta styret vedtak i tråd med konklusjonen til den sakkunnige komiteen.

– Når NOKUT fattar vedtak om at kvalitetsarbeidet til høgskulen ikkje er tilfredsstillande, er konsekvensen at HGUT mister retten til å søkje om akkreditering av nye studium, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

I den offentlege fråsegna til innstillinga frå den sakkunnige komiteen forklarer HGUT at høgskulen vil arbeide med å forbetre det systematiske kvalitetsarbeidet sitt det komande året. Høgskulen kan be om nytt tilsyn når det har gått eitt år sidan vedtaket i NOKUTs styre i juni 2020.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Om Høgskulen for grøn utvikling

Høgskulen for grøn utvikling er ein privat høgskule som er organisert som ein stiftelse. Høgskulen held til på Bryne i Rogaland og hadde sju faste tilsette og 30 registrerte studentar i 2018. HGUT har som visjon å vere ein leiande kunnskapsleverandør for nyskapande og livskraftige regionar og lokalsamfunn.

Høgskulen har eksistert og fått offentleg tilskot sidan 2005. NOKUT har akkreditert tre årseiningar ved HGUT sidan 2005, og på grunnlag av desse årseiningane gav Kunnskapsdepartementet i 2010 høgskulen rett til å gi bachelorgrad. Delar av bachelorgraden kan reknast som eigne studietilbod på 30 eller 60 studiepoeng. I tillegg tilbyr HGUT kortare kurs på 10 studiepoeng.

Del med andre