Kvalitetsarbeidet ved Noregs musikkhøgskule godkjent

NOKUT har i dag godkjent det systematiske kvalitetsarbeidet ved Noregs musikkhøgskule. Ved den fyrste vurderinga fann den sakkunnige komitéen enkelte manglar. Dei er no retta opp.

Noregs musikkhøgskule er ein av dei vitskaplege høgskulane som deltok i NOKUT sitt pilotprosjekt for å teste ut ein ny modell for tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular.

– Noregs musikkhøgskule viste i den fyrste vurderinga at dei utførde eit godt kvalitetsarbeid, men dei måtte gjere nokre justeringar før det kunne bli godkjent. Særleg sakna den sakkunnige komitéen ei tydelegare kopling mellom institusjonen sin strategi og det systematiske kvalitetsarbeidet. Dei sakkunnige var også usikre på om gjeldande system svarte på informasjonsbehovet på studietilbodsnivå. Det er gledeleg at dei no har fått dette på plass, seier NOKUT-direktør Terje Mørland.

Det er den same sakkunnige komitéen som har stått for den opphavlege og den nye vurderinga av det systematiske kvalitetsarbeidet ved Noregs musikkhøgskule.

Fremjar ein sterk kvalitetskultur

I den opphavlege vurderinga fann den sakkunnige komitéen at Musikkhøgskulens kvalitetsarbeid er godt forankra i styret og i leiinga på alle nivå, og at høgskulen gjennom kvalitetsarbeidet fremjar ein sterk kvalitetskultur blant tilsette og studentar. Komitéen opplevde at leiinga på fleire nivå gav uttrykk for ei svært proaktiv, undersøkjande haldning til informasjon om utdanningskvaliteten, og kvalitetsarbeidet er organisert på ein måte som inkluderer tilsette og studentar på ein tilfredsstillande måte.

Om Noregs musikkhøgskule

Noregs musikkhøgskule er ein vitskapleg høgskule innan fagområdet musikk. Høgskulen blei etablert som statleg vitskapleg høgskule i 1973 og byggjer vidare på verksemda til det private Musikkonservatoriet i Oslo. Høgskulen held til i Oslo og utgjer det største musikkfaglege utdannings- og forskingsmiljøet i Noreg.

Del med andre