Fagskolen Vestfold og Telemark må leggje ned utdanningstilbod

NOKUT trekkjer akkrediteringa for utdanningane bygg (nettbasert) og maskinteknikk (stadbasert). Grunnen er at fleire punkt i fagskuletilsynsforskrifta ikkje er oppfylte.

Mangelfulle studieplanar og behov for endringar i eksamens- og vurderingsordningane til dei aktuelle studia, er bakgrunnen for at skulen må leggje ned dei to utdanningane.

Fekk frist til mars 2020

NOKUT sette i verk tilsyn med utdanningane i 2018. I tilsynet blei det avdekt at daverande Fagskolen Telemark ikkje oppfylte alle krava i fagskuletilsynsforskrifta. I september 2019 vedtok NOKUTs styre at fleire krav i lovverket ikkje var oppfylte, og fagskulen fekk frist til mars 2020 for å rette opp i manglane. 

Ifølgje dei sakkunnige er ikkje alle manglane utbetra, og i tilsynsrapporten deira er konklusjonen at fagskulen bryt regelverket på desse punkta.

– Fagskulen må no setje inn tiltak som gjer det mogeleg for studentane å fullføre den utdanninga dei har byrja på. Desse tiltaka skal godkjennast av NOKUT, seier Øystein Lund, konstituert administrerande direktør i NOKUT.

Om Fagskolen Vestfold og Telemark

1. januar 2020 fusjonerte Fagskolen Telemark og Fagskolen i Vestfold. Skulen har studiestad i Horten og Porsgrunn. Fagskulen er offentleg og tilbyr 13 utdanningar, både som nettbaserte utdanningar med samlingar og som stadbaserte utdanningar.

Del med andre