Fagskolen Innlandet først i landet med fire fagområdeakkrediteringar

Fagskolen Innlandet kan nå sjølv opprette nye utdanningar innan helsefag- og landbruksfag. Frå før har fagskulen akkreditering for fagområda bygg- og anleggsteknikk og teknologifag.

Fagskolen Innlandet
Fagskolen Innlandet

Som første fagskule i landet kan Fagskolen Innlandet nå opprette og gjere vesentlege endringar i utdanningstilbodet sitt innan fire forskjellige fagområde.

– Det er berre å gratulera Fagskulen Innlandet som Noregs første fagskule med fire fagområdeakkrediteringer. Dei er no godt rusta til sjølv å kunne opprette og tilby relevante utdanningar for arbeidsmarknaden, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Kjærkomne tiltak for landbruksnæringa

Fagskolen Innlandet er den første fagskulen som får akkreditering for fagområdet landbruk. Den sakkunnige komiteen som har vurdert søknaden for landbruksfag, trekkjer fram at fagområdeakkreditering innanfor landbruk er eit kjærkome tiltak for heile næringa og for utdanningssektoren. Dei sakkunnige har intervjua fleire aktørar i landbruksnæringa som bekrefta at Fagskolen Innlandet er god til å ta tak i behova som finst i landbruket. Studentane framhevar den praksisnære tilknytinga og erfaringa dei får gjennom utdanningane på Fagskolen Innlandet, opp mot den teoretiske utdanninga som vert tilbode innan landbruk i universitets- og høgskulesektoren.

Fagskulen har alt akkreditering for seks utdanningar innan fagområdet helse, og den sakkunnige komiteen vurderer at fagområdet er tilstrekkeleg breitt til å inkludere fleire utdanningar. Helseteknologi er eit viktig satsingsområde og eit framtidsretta arbeid som blir framheva i søknaden og gjennom intervju med fleire aktørar. Helsefag og teknologifag er to fagområde som drar veksel på kvarandre og saman kan bidra til å utvikle gode og relevante utdanningar. Dei sakkunnige vil trekkje fram at fagskulen har eit utstrekt og kontinuerleg samarbeid med yrkesfeltet gjennom praksisplassar for studentane. Samstundes har fagskulen eit tett samarbeid med relevante aktørar i primær- og spesialisthelsetenesta, med hensikt å vidareutvikle helsefaget og eigne utdanningar.

Del med andre