Fagskolen i Hordaland får akkreditering for fagområdet teknisk

Dermed blir fagskulen den tredje fagskulen som kan opprette studietilbod innan høgare yrkesfagleg utdanning for tekniske fag, utan å søke NOKUT på førehand.

Fagskolen i Hordaland (Foto: Fagskolen i Hordaland)
Fagskolen i Hordaland (Foto: Fagskolen i Hordaland)

Teknisk utdanning er det største fagområdet ved Fagskolen i Hordaland, og det tekniske fagområdet er avgrensa til bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi og industrifag.

Det kjem fram av innstillinga frå dei sakkunnige som har vurdert søknaden, at fagskolen har eit godt samarbeid med yrkesfeltet innan fagområdet, og har mange tilsette med høg og relevant kompetanse.

– Akkreditering for eit fagområde skal bidra til at fagskulane raskare kan omstille seg og tilby relevante utdanningstilbod og møte nye behov i arbeidsmarknaden innan tekniske yrker. Når eg les innstillinga frå dei sakkunnige, har eg god tru på at Fagskolen i Hordaland er godt rusta til å tilby gode utdanningar framover, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Frå før er det to fagskolar som har fagområdeakkreditering innan tekniske fag. Fagskolen i Viken har akkreditering for fagområdet teknisk og Fagskolen Innlandet har to fagområdeakkrediteringar innan tekniske fag bygg- og anleggsteknikk og teknologifag.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Del med andre