Eitt fagområde akkreditert, to fekk avslag i styret

Styret i NOKUT har gitt Fagskolen Viken akkreditering for fagområdet Oppvekst, medan Fagskolen Møre og Romsdal og Trøndelag høyere yrkesfagskole har fått avslag på søknader om nye fagområde.

Logoer: Fagskolen Viken, Fagskolen Møre og Romsdal og Trøndelag høyere yrkesfagskole
Logoer: Fagskolen Viken, Fagskolen Møre og Romsdal og Trøndelag høyere yrkesfagskole

Styret i NOKUT har handsama tre saker om fagområdeakkreditering innan høgare yrkesfagleg utdanning. Vedtaka inneber at Fagskolen Viken får godkjent fagområdet Oppvekst, slik at dei no har fagområdeakkreditering for Helse og oppvekst. Søknadene frå Fagskolen Møre og Romsdal og Trøndelag høyere yrkesfagskole blei ikkje godkjende.

– Fagområdeakkreditering stiller høge krav til både strategisk retning, fagleg avgrensing og kompetanse i fagmiljøet. Styret har lagt avgjerande vekt på vurderingane frå dei sakkunnige komiteane i alle tre sakene, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Fagskolen Viken

For Fagskolen Viken har den sakkunnige komiteen anbefalt akkreditering av fagområdet Oppvekst, som er ein utviding av fagområdet Helse. Fagområdet Oppvekst er tydeleg avgrensa til arbeid med barn og unge på tvers av oppvekstarenaer som barnehage, skule og tilgrensande tenester.

Komiteen peikar på at fagmiljøet har relevant utdanning og yrkeserfaring, god kapasitet og ein høg del fast tilsette, noko som gir stabile rammer for utvikling og gjennomføring av utdanningane. Samarbeidet med yrkesfeltet er vurdert som godt etablert og relevant for fagområdet. Styret støttar vurderingane til dei sakkunnige.

Fagskolen Viken er ein offentleg fagskule eigd av fylkeskommunane Akershus, Buskerud og Østfold. Skulen blei etablert i 2020 og tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning innan mellom anna helse, oppvekst, tekniske fag og økonomi ved fleire studiestader, både stadbasert og nettbasert.

Les akkrediteringsrapport med vedtak (pdf)

Fagskolen Møre og Romsdal

Søknaden frå Fagskolen Møre og Romsdal om akkreditering av fagområdet Maritim fekk avslag. Den sakkunnige komiteen meiner fagområdet slik det er beskrive i søknaden, er for breitt og uklårt avgrensa, særleg innan marin næring. Komiteen vurderer at ei slik avgrensing vil vere svært ressurskrevjande å forvalte, og at den snevrare forståinga som blei presentert under institusjonsbesøket, avvik for mykje frå søknaden til å gi eit tilstrekkeleg klart grunnlag. Styret støttar vurderingane til dei sakkunnige.

Samtidig trekkjer komiteen fram fleire positive sider ved verksemda. Fagskulen har eit solid fagmiljø innan maritime fag, med relevant formell kompetanse og yrkeserfaring, eit tydeleg fokus på nettpedagogikk og teknologistøtta læring og brei kontakt med yrkesfeltet. Desse styrkane blir vurderte som gode utgangspunkt for vidare utvikling.

Fagskolen Møre og Romsdal er ein offentleg fagskule eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune, med studiestader i Ålesund og Kristiansund. Skulen tilbyr både heiltids- og deltidsutdanningar, stadbaserte og nettbaserte, og hadde 386 studentar ved siste rapportering våren 2026.

Les akkrediteringsrapport med vedtak (pdf)

Trøndelag høyere yrkesfagskole

Trøndelag høyere yrkesfagskole fekk avslag på søknaden om akkreditering av fagområdet Havrommet. Den sakkunnige komiteen vurderer at strategien for fagområdet ikkje inneheld tilstrekkeleg tydelege og eigna tiltak til å utvikle fagområdet i tilstrekkeleg grad. Særleg innan det maritime feltet blir tiltaka vurderte som ei omstrukturering av eksisterande tilbod, medan tiltaka innan den marine og havbruksretta delen av fagområdet er for uklårt formulerte.

Komiteen peikar på at fagskulen har eit godt og etablert samarbeid med aktørar innan både havbruk og maritimt fagfelt. Samstundes skriv dei at fagmiljøet ikkje har den fulle breidda i kompetansen dei treng for å dekke dette fagområdet, mellom anna tilstrekkeleg kompetanse innan den marine delen av fagområdet. Styret støttar vurderingane til dei sakkunnige.

Trøndelag høyere yrkesfagskole er ein offentleg fagskule eigd av Trøndelag fylkeskommune. Skulen blei etablert i 2020 etter ei samanslåing av sju fylkeskommunale fagskolar og tilbyr utdanningar innan tekniske fag, maritime fag, havbruk, helse- og oppvekst samt mat- og reiseliv. Skulen hadde om lag 1350 studentar i studieåret 2024/25.

Les akkrediteringsrapport med vedtak (pdf)

Om fagområdeakkrediteringer

Vedtak om fagområdeakkreditering gir fagskular som får godkjenning, større fagleg handlingsrom til å etablere og endre utdanningar innan fagområdet. Eit avslag på ein søknad om fagområdeakkreditering seier ikkje noko om kvaliteten ved dei eksisterande akkrediteringane.

Del med andre