ENQA-evaluering
Kvart femte år skal NOKUT gjennom ei ekstern evaluering for å vise korleis arbeidet vårt med ekstern kvalitetssikring samsvarer med dei europeiske kriteria i ESG 2015.
ESG er ei forkorting for European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the European Higher Education Area. Kriteria vart første gong utarbeidd i 2005, og deretter revidert i 2015 – begge gongene innført av de europiske ministrane med ansvar for høgare utdanning.
At kvalitetssikringsorgan skal gjennom ei ekstern evaluering kvart femte år er nedfelt som standard 3.7 i ESG. Evalueringa skal sikre at organet etterlever ESG, men også stimulere til refleksjon og vidareutvikling. I tillegg legg evalueringa grunnlag for at NOKUT jamleg kan søkje om å fornye sitt medlemskap i The European Association for Quality Assurance in Higher Education (ENQA) og registreringa i The European Quality Assurance Register for Higher Education (EQAR).
Evaluering i 2023
Evalueringa som NOKUT går gjennom i 2023, er eit "targeted review". Denne forma for evaluering blir tilbydt kvalitetssikringsorgan som tidlegare har demonstrert at dei etterlever ESG. I eit "targeted review" skriv organet ein kortare sjølvevalueringsrapport (20–30 sider). Rapporten skal bygge på den førre evalueringa (2018), slik at det ikkje blir unødige gjentakingar. Det skal også leggjast meir vekt på kvalitetsutvikling enn kontroll.
I sjølvevalueringsrapporten omtalar og dokumenterer NOKUT dei ESG-kriteria som fekk "partial compliance" ved førre evaluering frå høvesvis EQAR og ENQA. I tillegg har vi med ein sjølvvald standard frå del 2 eller 3 i ESG. NOKUT har vald standard 2.2 "Designing methodologies fit for purpose" som sin sjølvvalde standard for å vise kvalitetsutvikling.
Evalueringskomiteen, som er oppnemnd av ENQA, har følgjande samansetjing:
- Karin Järplid (leder, Sverige)
- Simona Lache (medlem og sekretær, Romania)
- Pegi Pavletic (student, Kroatia)
Aktuelle lenker
- Executive summary – ENQA Targeted Review 2023
- ENQA Targeted Review report 2023 (pdf)
- Terms of reference for NOKUTs ENQA targeted review 2023 (pdf)
- NOKUTs sjølvevalueringsrapport (pdf)
- Vedlegg til sjølvevalueringsrapporten (pdf) – NB! Dette vedlegget er så stort at det må lastast ned/bli opna i skrivebordsprogrammet ditt.
- ENQA Targeted Review of NOKUT – Additional documentation – November 2022 (pdf)
Tidlegare evalueringar
NOKUT har blitt evaluert tre gonger tidlegare. Både evalueringa i 2018 og 2013 blei koordinert av ENQA, medan den første evalueringa i 2008 blei leda av NIFU STEP, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Under kan du lese meir om ENQA-evalueringa i 2018.