NOKUT-innsats tildelt internasjonal pris

"Bo Gregersens pris for beste praksis" gjekk i år til NOKUTs avdelingsdirektør for utanlandsk utdanning Stig Arne Skjerven og fungerande seksjonssjef Marina Malgina.

Dei mottek prisen for det NOKUT-støtta prosjektet European Qualifications Passport for Refugees og NOKUTs arbeid over fleire år med godkjenning av kvalifikasjonane til flyktningane.

– Prisen anerkjenner NOKUTs arbeid med godkjenning og vurdering av kvalifikasjonane til flyktningane. Mange av NOKUTs tilsette er involverte i dette arbeidet. European Qualifications Passport for Refugees har som eit viktig mål å gjere tilgangen til vidare studium og jobb for flyktningar enklare. Eg er stolt på NOKUTs vegne, seier direktør Terje Mørland.

Prisen blei presentert under opningsseremonien på EAIE konferansen 2017, som fann stad i Sevilla i Spania den 13. september. Den årlege EAIE-konferansen samlar meir enn 5000 fagfolk frå heile verda.

Bo Gregersen Award

"Bo Gregersen Award" vert tildelt personar som gjennom innovativt arbeid har utvikla beste praksis-løysingar for internasjonalt samarbeid i høgare utdanning. Den blir delt ut av European Association for International Education (EAIE).


Les meir om:

Del med andre