Tre høgskular har retta opp manglar i kvalitetsarbeidet

Styret i NOKUT har vedteke at Høyskolen Barratt Due (HBD), Norsk Gestaltinstitutt Høyskole (NGI) og Høyskolen for yrkesfag AS (HØFY) har retta opp manglane som blei avdekka under tilsyn i 2024. Kvalitetsarbeidet ved dei tre høgskulane blir nå vurdert som tilfredsstillande.

Logoer: Høyskolen Barratt Due, Norsk Gestaltinstitutt Høyskole og Høyskolen for yrkesfag
Logoer: Høyskolen Barratt Due, Norsk Gestaltinstitutt Høyskole og Høyskolen for yrkesfag

Dei tre høgskulane fekk påvist manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet under tilsyn i 2024. Etter ein opprettingsperiode på tolv månader har institusjonane dokumentert at manglane er retta opp. Dokumentasjonen er vurdert av sakkunnige komitear, og styret i NOKUT har fatta endelege vedtak i sakene.

– Systematisk kvalitetsarbeid er avgjerande for å sikre gode utdanningar. Vi ser at alle dei tre høgskulane har arbeidd målretta for å rette opp manglane, og at kvalitetsarbeidet no held eit tilfredsstillande nivå, seier administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje.

Høyskolen Barratt Due med gode tilpassingar

Den sakkunnige komiteen vurderer at HBD har arbeidd godt og systematisk med å utbetre områda som blei vurderte som mangelfulle i 2024. Komiteen trekkjer særleg fram at forenklingar i kvalitetssystemet og organiseringa av kvalitetsarbeidet har gitt betre gjennomføringskraft. Komiteen rosar òg HBD for evna til å tilpasse kvalitetsarbeidet til institusjonen sitt særpreg, mellom anna den nære undervisingsrelasjonen mellom studentar og undervisarar og utfordringar knytte til små fagmiljø.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Vidareutvikling av kvalitetssystemet ved Norsk Gestaltinstitutt Høyskole

Den sakkunnige komiteen meiner at NGI har vidareutvikla kvalitetssystemet på ein god måte, og peikar særleg på ei tydeleg forbetring i arbeidet med læringsmiljøet og på meir systematikk i og dokumentasjon av kvalitetsarbeidet. Samtidig peikar komiteen på at få ressursar kan påverke evna til å rette opp sviktande kvalitet raskt nok, og tilrår at NOKUT følgjer opp institusjonen tre–fire år etter at tilsynet er avslutta.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Tydelegare strategisk kopling ved Høyskolen for yrkesfag AS

HØFY har dokumentert eit solid arbeid i opprettingsperioden. Manglane som blei avdekte i 2024, har HØFY rydda opp i på ein overtydande måte, og det systematiske kvalitetsarbeidet blir no vurdert som tilfredsstillande. HØFY har analysert det strategiske arbeidet sitt og kopla det strategiske arbeidet tettare mot kvalitetsarbeidet. HØFY har også revidert kvalitetssystemet og prøvd ut ein ny rutine rundt korleis høgskulen skal gjennomføre systematisk kontroll og periodisk evaluering.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Om oppretting etter tilsyn

Dersom NOKUT gjennom tilsyn avdekkjer manglar i kvalitetsarbeidet ved ein institusjon, får institusjonen ein frist på inntil tolv månader til å rette opp forholda. Institusjonen må dokumentere at han har retta opp i manglane, og at han oppfyller krava til kvalitetssystem og kvalitetsarbeid i universitets- og høgskuleforskrifta §§ 1-7 og 1-8. Dokumentasjonen på oppretting vert vurdert av ein sakkunnig komite før styret i NOKUT gjer endeleg vedtak i saka.

Del med andre