Oslo Nye Høyskole får avslag på søknad om akkreditering som høgskule

NOKUT har avslått søknaden frå Oslo Nye Høyskole om akkreditering som høgskule. Vedtaket byggjer på ei samla vurdering av institusjonen si faglege verksemd, fagmiljø og forskings- og utviklingsarbeid (FoU).

Logo: Oslo Nye Høyskole
Logo: Oslo Nye Høyskole

Den sakkunnige komiteen konkluderer med at Oslo Nye Høyskole (ONH) per i dag ikkje oppfyller alle krava som gjeld for akkreditering som høgskule. Særleg peikar komiteen på manglande stabilitet og robustheit i delar av den faglege verksemda.

– Akkreditering som høgskule gir ein institusjon større fagleg fridom og mynde til sjølv å akkreditere studietilbod på bachelornivå, men stiller òg strenge krav til kvalitet og stabilitet i utdanning og FoU. NOKUT sitt vedtak er i tråd med vurderinga til den sakkunnige komiteen, som konkluderer med at nokre av krava til akkreditering som høgskule enno ikkje er tilstrekkeleg oppfylte på ONH, seier administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje.

Manglar i fagmiljø og FoU-verksemd

ONH har ei viss fagleg breidd og er i utvikling. Institusjonen kan vise til gode resultat på fleire område, og utdanningane held gjennomgåande god kvalitet. Fleire av krava til akkreditering som høgskule er dermed oppfylte.

Samtidig vurderer komiteen at samspelet mellom FoU-verksemda og utdanningane bør styrkjast. Den samla FoU-aktiviteten blir vurdert som for lite stabil på tvers av dei ulike fagområda. Komiteen peikar òg på at den faglege kompetansen og samansetjinga av fagmiljøa ikkje er på nivå med samanliknbare akkrediterte høgskular, og at talet på fagleg tilsette er lågt, sett opp mot studenttalet.

På dette grunnlaget meiner komiteen at ONH ikkje har hatt ei utvikling som ein kan forvente av ein akkreditert høgskule. Komiteen vurderer at ONH ikkje i tilstrekkeleg grad vil kunne forvalte dei fullmaktene som følgjer med ei slik akkreditering.

Vedtaket inneber ikkje endringar i akkrediteringane for dei eksisterande studietilboda ved ONH. Studietilboda kan vidareførast som før.

Les akkrediteringsrapporten med vedtak (pdf)

Fakta om høgskulen

Oslo Nye Høyskole er ein privat høgskule eigd av utdanningskonsernet Lumi Gruppen AS, som òg eig mellom anna Oslo Nye Fagskole og Sonans Privatgymnas. Institusjonen spring ut frå Bjørknes Privatskole og fekk namnet Oslo Nye Høyskole i 2021. ONH tek ikkje imot statstilskot.

Den faglege verksemda er organisert i fire institutt. Våren 2026 hadde høgskulen ifølgje DBH 83 faglege årsverk og 4 174 studentar. ONH tilbyr eitt masterprogram, tolv bachelorprogram, 29 årsstudium og eitt halvårsstudium.

Del med andre