NOKUTs nye organisasjonsmodell

Frå 1. april har NOKUT fått ny organisasjonsmodell. Hovudgrepet er at vi har samla kompetanse og verkemiddel mot høgare yrkesfagleg utdanning (fagskular) og høgare utdanning (høgskular og universitet) i kvar sin seksjon. I tillegg oppretta vi ei eiga avdeling for regelverk og økonomisk tilsyn.

Det nye organisasjonskartet til NOKUT
Det nye organisasjonskartet til NOKUT

– Målet med omorganiseringa er å bruke dei samla ressursane våre på ein best mogeleg måte. Ved å rette seksjonane i avdeling for akkreditering og tilsyn inn mot sektorane får vi ei betre samling av kompetansen og verkemidla, fortel direktør Kristin Vinje.

I tillegg til at seksjonane i avdeling for akkreditering og tilsyn blir retta mot høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, vil tidlegare juridisk seksjon blir til avdeling for regelverk og økonomisk tilsyn og kommunikasjonsavdelinga blir lagd som stabsfunksjon og får samfunnskontakt som ein del av namnet sitt.

– Omgjering av juridisk seksjon til ei avdeling vil styrkje mogelegheita for at dette fagområdet bidrar til å gjelde på tvers av heile NOKUT. Den nye organiseringa vil også kommunisere porteføljen vår på ein betre måte, forklarer Vinje.

NOKUTs leiing

Den nye avdelinga for regelverk og økonomisk tilsyn blir leia av avdelingsdirektør Kristin Jung Berg, som fram til 1. april var seksjonssjef for juridisk seksjon. Peter Brandstrup er NOKUTs nye kommunikasjonssjef og skal leie kommunikasjon og samfunnskontakt. Brandstrup har vore fungerande kommunikasjonsdirektør sidan midten av november 2022.

Saman med Kristin Vinje, administrerande direktør, Ole Jacob Skodvin, direktør for avdeling for evaluering og analyse, Nina Waaler, direktør for avdeling for akkreditering og tilsyn, og Thrine Kallseter, direktør for avdeling for fellestenester, utgjer Jung Berg og Brandstrup NOKUTs leiargruppe.

– Jung Berg og Brandstrup har gjort ein god innsats for NOKUT, og eg er glad for å få dei med i leiargruppa. Det er bra at heile leiinga no er på plass, og eg ser fram til arbeidet vi skal gjere framover, seier Vinje.

Bakgrunn for omorganiseringa: endring i oppgåver og fleire søknadar

I januar 2023 gjekk ansvaret for godkjenning av utdanning frå utlandet frå NOKUT til HK-dir, og NOKUT mist ei avdeling med 50 tilsette. Men dei siste åra har vi også fått nye delegerte oppgåver frå Kunnskapsdepartementet, mellom anna innanfor regelverksforvaltning og økonomisk tilsyn. I tillegg opplever NOKUT ein sterk auke av søknadar om akkreditering frå fagskular.

Les NOKUTs strategi 2023–2030: Sikre kvalitet, skape tillit

Del med andre