Kvalitetsarbeid under lupa – kva krev regelverket? Parallellsesjon på Fagskolekonferansen 2026

I denne parallellsesjonen presenterer NOKUT den nye rettleiaren for kvalitetsarbeid i fagskolene og gir ei innføring i korleis krava til systematisk kvalitetsarbeid kan forståast og brukast i praksis.

Sesjonen er relevant både for dei som skal gjennom tilsyn med kvalitetsarbeid, og for fagskoler som ønsker auka kunnskap om regelverket og nye perspektiv på eige kvalitetsarbeid. Deltakarane får innsikt i sentrale forventningar i regelverket og moglegheit til å utforske aktuelle problemstillingar gjennom workshop og refleksjon i grupper.

Gjennom oppgåver og erfaringsutveksling blir deltakarane inviterte til å drøfte korleis kvalitetsarbeidet kan vidareutviklast ved eigen institusjon. Målet er å bidra til auka forståing av kva regelverket krev for eit velfungerande kvalitetssystem, og korleis kvalitetsarbeidet kan brukast som eit verktøy for utvikling og læring til beste for studentane.

Sesjonen blir avslutta med ein panelsamtale som bygger vidare på temaa og perspektiva som blir løfta fram under workshopen. Samtalen gir rom for spørsmål, erfaringsdeling og vidare refleksjon om kva som kjenneteiknar eit godt og utviklingsorientert kvalitetsarbeid i fagskulesektoren.

Les mer om Fagskolekonferansen 2026 hos HK-dir

Del med andre