NOKUTs akkreditering for ny institusjonskategori – høgare utdanning
I det norske systemet for høgare utdanning er det mogeleg å søkje om institusjonsakkreditering og om å forandre institusjonskategori, og med dette oppnå utvida myndigheit til å akkreditere eigne studietilbod. Det er Kongen som formelt vedtar endring av institusjonskategori, og avgjerda føreset at institusjonen først har fått eit positivt vedtak om institusjonsakkreditering frå NOKUT.
Institusjonskategoriar og akkrediteringsmyndighet
Kva institusjonskategori ein institusjon tilhøyrar, bestemmer kva akkrediteringsmyndigheit institusjonen har, det vil seia kva fagleg fullmakt ho har til sjølve å akkreditere eigne studietilbod. Krava som blir stilte til dei ulike institusjonskategoriane i lov og forskrift, er utforma slik at dei skal sikre at institusjonen er i stand til å forvalte den akkrediteringsmyndigheita som følgjer med institusjonskategorien.
Høgskular utan institusjonsakkreditering kan søkje om å bli akkreditert høgskule, og i prinsippet også om å bli akkreditert som vitskapeleg høgskule eller universitet. Akkrediterte høgskular kan søkje om å bli akkreditert som vitskapeleg høgskule eller universitet. Vitskaplege høgskular kan søkje om å bli akkreditert som universitet.
Krava til institusjonsakkreditering
Krava til institusjonsakkreditering er i hovudsak fastsett i forskrift til universitets- og høgskuleloven (universitets- og høgskuleforskrifta) kapittel 1, med verknad frå 1. januar 2025. Forskriftsavgjerdene omfattar generelle krav til institusjonsakkreditering som gjeld for alle institusjonskategoriar (§ 1-1) og spesifikke krav til akkreditering som høvesvis høgskule (§ 1-2), vitskapeleg høgskule (§ 1-3) og universitet (§ 1-4).
Ein institusjon som søkjer om akkreditering må, i tillegg til å oppfylle krava til institusjonsakkreditering, også oppfylle andre krav til statlege og private institusjonar i universitets- og høgskuleloven, og dessutan krav til akkreditering av studietilbod i studietilsynsforskrifta og studiekvalitetsforskrifta.
Vedtak om institusjonsakkreditering og endring av institusjonskategori
Ein institusjonsakkreditering blir gitt som eit vedtak i NOKUTs styre om at ein institusjon oppfyller krava til institusjonsakkreditering som er fastsett i eller med heimel i universitets- og høgskuleloven.
NOKUTs vedtak om akkreditering er basert på faglege vurderingar og tilrådingar frå eksterne sakkunnige som er oppnemnt av NOKUT. Ein sakkunnig komité vurderer om krava til akkreditering i universitets- og høgskuleforskrifta kapittel 1 er oppfylte, medrekna ei heilskapleg vurdering av om det strategiske målet til institusjonen, organisering, kvalitetsarbeid og resultat tilseier at institusjonen på ein god måte kan forvalte akkrediteringsmyndigheita som ein institusjonsakkreditering gir. Dei sakkunnige si vurdering blir gjorde primært på grunnlag av skriftleg dokumentasjon som institusjonen sender inn i samband med søknaden, og besøk ved institusjonen.
Formelt er det Kongen som vedtar endring av institusjonskategori. Institusjonen må derfor søkje Kunnskapsdepartementet om å forandre institusjonskategori, og departementet fremjar deretter ein kongeleg resolusjon. Dette føreset at institusjonen først har søkt og fått eit positivt vedtak om institusjonsakkreditering frå NOKUT.
Rettleiing og søknadsprosess
NOKUT har utarbeidt skriftlege rettleiarar for krav til akkreditering som høgskule og universitet. Målgruppa for rettleiarane er både institusjonar som skal søkje om akkreditering og institusjonar som allereie har slik akkreditering. NOKUT gir rettleiing til korleis kvart av krava skal forståast, og kva institusjonar som skal søkje om akkreditering, må gjere reie for og dokumentere i ein søknad. Rettleiarane inneheld også informasjon om søknadsprosessen og saksgangen.
NOKUT har ikkje faste søknadsfristar for institusjonsakkreditering, men oppmodar institusjonar som har tenkt å søkje, om å varsle NOKUT i god tid. NOKUT anbefaler institusjonar som planlegg å søkje, om å nytte seg av tilbodet om rettleiingsmøte med NOKUT. Rettleiingsmøtet gir institusjonen god oversikt over krav som skal oppfyllast og sjølve akkrediteringsprosessen.
Finn meir informasjon om
Publikasjonar
Oversikter