Nøkkeltal frå NOKUTs verksemd

På denne sida kan du finne tal som viser omfanget av NOKUTs verksemd innanfor norsk og utanlandsk utdanning. Tala er frå 2018.

Norsk utdanning

Akkreditering av fagskuletilbod

NOKUT akkrediterer fagskuletilbod etter søknad frå fagskular. I saker som har kome inn til søknadsfristen 15. september fattast vedtak ofte året etter. Dette forklarer at det einskilde år kan fattast fleire vedtak enn mengda nye søknader som er tekne imot.

Nye søknader: 77 (søknadsrunden 2017/2018)
Positive vedtak: 35

Sjå oversikt over alle fagskoletilbod NOKUT har akkreditert

Akkreditering av fagområde

NOKUT godkjenner fagområde etter søknad frå fagskular. I saker som har kome inn til søknadsfristen 1. november fattast vedtak ofte året etter. Dette forklarer at det einskilde år kan fattast fleire vedtak enn mengda nye søknader som er tekne imot.

Nye søknader: 16
Positive vedtak: 3

Sjå oversikt over alle fagområde NOKUT har akkreditert

Akkreditering av studietilbod – høgare utdanning

Institusjonar som ikkje har fullmakt til å opprette nye studietilbod innan høgare utdanning, må søkje NOKUT om akkreditering av slike studietilbod. Søknader som blir funne eigna for vidare behandling, blir sendt til sakkunnig vurdering. På bakgrunn av den vurderinga, kan ein søknad få positivt eller negativt vedtak.

Nye søknader: 23 (søknadsrunden 2017/2018)
Positive vedtak: 14 (1 phd, 5 bachelor og 8 master)

Sjå oversikt over alle studietilbod NOKUT har akkreditert

Akkreditering av institusjonar – høgare utdanning

Ein institusjon kan søkje akkreditering i ein annan kategori, for eksempel frå høgskule til universitet. NOKUT vurderer om institusjonen tilfredsstiller standardar og kriterium for akkreditering i den aktuelle kategorien. Dersom NOKUT finn at så er tilfelle, vurderer Kunnskapsdepartementet om ein institusjon blir flytta over i den aktuelle kategorien.

Positive vedtak totalt: 1
Institusjonskategori: 1 universitet

Sjå oversikt over institusjonane NOKUT har akkreditert

Tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet

Alle institusjonar som tilbyr høgare utdanning er pålagd å ha interne system for kvalitetssikring av utdanninga. NOKUT er pålagt å ha tilsyn med systema, og det skal ikkje gå meir enn seks år mellom kvart tilsyn.

NOKUT satte i gang eit pilotprosjekt i 2017 for å teste ut ny modell for tilsyn med universiteters og høgskulers systematiske kvalitetsarbeid. Pilotprosjektet gjenomførast i 2017–18.

Les meir om tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet

Tilsyn med eksisterande studietilbod

I tillegg til godkjenning av nye studietilbod, fører NOKUT tilsyn med eksisterande studietilbod. NOKUT har gjennomført ei rekkje revideringar av eksisterande studietilbod.

I løpet av 2018 hadde NOKUT tilsynsaktivitet retta mot rundt 180 studietilbod ved norske fagskular, høgskuler og universitet.

Tilsynsprosjekt som blei avslutta i 2018

  • Tilsyn med barnevern-, sosionom-, og vernepleieutdanningane (BSV-tilsynet): 38 bachelorprogram ved til saman 14 institusjonar
  • Samarbeidstilsynet: 220 studietilbod ved til saman 39 høgare utdanningsinstitusjonar
  • Kombinerte fagevalueringar: 54 bachelor-, master- og ph.d.-program innan sosiologi, statsvitskap og økonomi ved totalt 10 utdanningsinstitusjonar
  • Tilsyn med tekniske fagskular: 141 fagskuleutdanningar ved til saman 23 fagskular

I tillegg har vi fullført den fyrste fasen av tilsyn med 11 bachelorprogram i byggingeniørfag ved til saman åtte høgskular og universitet.

Utanlandsk utdanning

Informasjons- og rettleiingstenesta

NOKUTs informasjons- og rettleiingsoppgåver på utlandsfeltet omfattar blant anna informasjon om utanlandske utdanningssystem, informasjon til utlandet om det norske utdanningssystemet, og førstelinje- og rettleiingsverksemd knytt til godkjenning.

Til saman svarte NOKUT på 11 628 meldingar i 2018. Av desse var det 7 710
e-postar, 3 720 telefonar og 198 besøk.

Godkjenningar: Råd, individuelle søknader og vedtak

NOKUT skal bidra til at personar med utanlandsk utdanning får vurdert denne i forhold til norsk utdanning og at arbeidsgivarar og lærestader får korrekt informasjon om utanlandsk kompetanse. Det gjer vi delvis gjennom å godkjenne høyere utdanning eller fullført fag- og yrkesopplæring etter søknad frå enkeltpersonar og delvis gjennom informasjon og råd til ulike aktørar.

Godkjenning av høgare utdanning

Nye søknader: 7 014
Vedtak totalt: 7 161

Godkjenning av fag- og yrkesopplæring

Nye søknader: 665
Godkjenningar totalt: 192

UVD-ordninga

Nye søknader: 166
Vedtak: 106

Kvalifikasjonsvurdering for flyktningar

Vurderingar: 83

Nivå på godkjenningane

Hovudtyngda av NOKUTs godkjenningar er knytt til bachelornivå. I 2018 var fordelinga av gradslikestilling slik:

Høgskulekandidat: 385
Bachelorgrad: 3 363
Mastergrad: 813
Phd: 67

Søknad om godkjenning fordelt på utdanningsland

Tallene viser antall individuelle søknader om generell godkjenning som høgare utdanning frå dei landa med flest søknader i 2018.

Polen: 605
Syria: 565
Storbritannia: 428
Litauen: 379
Serbia: 315
Filippinane: 269
India: 253
Irak: 218
Tyrkia: 210
Russland: 208

Sjå tal frå tidlegare år (pdf)