NOKUT seier ja til universitetsstatus for Høgskulen i Søraust-Noreg

Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) oppfyller alle krav til å bli universitet, og NOKUT følgjer dermed tilrådingane frå den sakkunnige komitéen som har vurdert søknaden.

– Eg gratulerer Høgskulen i Søraust-Noreg, seier NOKUT-direktør Terje Mørland etter dagens styremøte.

– Høgskulen i Søraust-Noreg har gjort ein stor innsats både i arbeidet med søknaden og på institusjonsgjestinga i fjor. Gjennom ein grundig prosess har HSN overtydt komitéen og NOKUT om at dei er verdig status som universitet.

Mørland poengterer likevel at arbeidet med å bli eit godt universitet er langsiktig og krevjande:

– No er det opp til høgskulen å etablere og vidareutvikle eit universitet som held høg kvalitet nasjonalt og internasjonalt. Den sakkunnige komitéen har peikt på forbetringspunkt og kome med råd som HSN bør ta med seg på vegen vidare.

HSNs campus på Bakkenteigen (foto: Høgskulen i Søraust-Noreg)

Studiekvalitet og forsking

I rapporten frå den sakkunnige komitéen blir høgskulen rost for å vere ein god stad for studentar. Institusjonen har godt samspel mellom forsking og utdanningsverksemd og nært samarbeid med regionen.

Komitéen skriv likevel at delen fagleg tilsette som publiserer vitskapleg er noko låg og peikar på dette som ei sentral utfordring for HSN framover. HSN har gjort greie for strategiske satsingar på utvalde område for å styrkje forskingsaktiviteten og for tiltak for å heve delen førstestillingar. Komitéen meiner at desse tiltaka er konkrete og realistiske. I tillegg tilrår komitéen at HSN arbeider strategisk og målretta for å sikre studietilbod av høg kvalitet ved dei ulike studiestadene til institusjonen.

Høgskulen må no sende inn søknad om å få endra institusjonskategori til Kunnskapsdepartementet. Det er Kongen i statsråd som fattar det endelege vedtaket.

Bakgrunn

Høgskulen i Søraust-Noreg, som er ein statleg akkreditert høgskule, søkte 2. mars 2017 om akkreditering som universitet. Søknaden er vurdert etter paragrafar i forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høgare utdanning § 3-1 - Krav ved akkreditering av institusjonar og § 5-1 - Søknad om akkreditering av studietilbod og institusjonar.

Søknaden frå HSN er vurdert av ein sakkunnig komité beståande av:

  • professor Jens Oddershede, Syddansk Universitet
  • professor Aud Obstfelder, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU
  • professor Ingrid Pramling Samuelsson, Göteborgs universitet
  • Anne Cathrine Berger, samfunnspolitisk direktør i Noregs ingeniør- og teknologiorganisasjon, NITO
  • Madeleine Sjøbrend, masterstudent ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, NMBU

Den sakkunnige komitéen skulle vurdere om Høgskolen i Søraust-Noreg tilfredsstiller alle kriterium for å få status som universitet. Den har grunngitt vurderinga si og gitt konklusjonen sin i ein rapport. Vurderinga til komitéen er basert på søknaden frå institusjonen.

Les tilsynsrapporten (pdf)

Del med andre