Automatisk godkjenning av utdanningar frå Norden

NOKUT lanserer no ei ny teneste for personar med høgare utdanningar frå Norden som ønskjer å jobbe eller studere i Noreg. For dei viktigaste utdanningane frå kvart enkelt land kan dei no laste ned ei stadfesting frå NOKUTs nettsider som viser at graden er automatisk godkjent. Denne kan takast i bruk direkte

– Nett det at dokumentet er tilgjengeleg for søkjaren med ein gong, er ein av fordelane med den nye ordninga. For lærestader og arbeidsgivarar vil NOKUTs automatiske godkjenning vere eit ekstra verktøy som forenklar vurderinga av utdanning frå utlandet, seier NOKUTs direktør Terje Mørland.

Den automatiske godkjenninga vil omfatte dei aller fleste nyare gradsutdanningar i Norden. Godkjenningsdokumentet viser kva grad den utanlandske utdanninga svarer til i det norske utdanningssystemet. Utdanningane som er inkluderte er frå bachelorgradar til doktorgradar.

– Det er ikkje tilfeldig at nordiske kvalifikasjonar er valde, fortset Mørland. - Det har lenge vore eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa om gjensidig godkjenning av vidaregåande opplæring og opptak til høgare utdanning. I 2016 signerte og utdanningsministrane i Norden den reviderte Reykjavikdeklarasjonen, som set som mål å innføre automatisk godkjenning av utdanningskvalifikasjonar som kan samanliknast i Norden, seier han.

Ønskjer å utvide ordninga til fleire europeiske land

– NOKUTs automatiske godkjenning er ei standardisert fråsegn som stadfestar at ein utanlandsk grad er likestilt med ein norsk grad. Det er eit valfritt alternativ til å søkje om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning på ordinært vis, forklarer direktør for utanlandsk utdanning i NOKUT Stig Arne Skjerven.

Europeiske land har lenge jobba for å harmonisere utdanningssystema sine, slik at det skal bli lettare å kunne ta med seg utdanninga si over landegrensene. I 2015 vedtok utdanningsministrane frå dei 48 landa som deltek i Bolognasamarbeidet, eit felles mål om automatisk godkjenning av kvalifikasjonar som kan samanliknast i det europeiske høgare utdanningsområdet innan 2020.

– NOKUT har som mål å tilby automatisk godkjenning for høgare utdanning og frå andre europeiske land. Med tanke på kor høgt dette er prioritert innan europeisk utdanningssamarbeid, trur vi at ordninga vår kan vere ein modell for andre land, avsluttar Skjerven.

Les meir om NOKUTs automatiske godkjenning av kvalifikasjonar som kan samanliknast frå Norden

Meir informasjon

Del med andre