Ytre kunstfagskole får akkreditert fagområdet visuell kunst

NOKUT har akkreditert fagområdet visuell kunst ved Ytre kunstfagskole, noko som gir skulen rett til å opprette og utvikle fagskuleutdanningar innan feltet.

Logo: Ytre kunstfagskole
Logo: Ytre kunstfagskole

Akkrediteringa inneber at Ytre kunstfagskole kan utvikle nye utdanningstilbod innan visuell kunst utan å søkje NOKUT om akkreditering for kvart enkelt studium.

– Dette er ei anerkjenning av eit fagmiljø som arbeider tett på yrkesfeltet og har utvikla ei tydeleg og gjennomarbeidd retning for utdanningane sine, seier Kristin Vinje.

Akkrediteringa er gitt etter ei fagleg vurdering av om skulen oppfyller krava i regelverket for høgare yrkesfagleg utdanning.

Les akkrediteringsrapport med vedtak her (pdf)

Utdannar utøvande kunstnarar

Den sakkunnige komiteen som har gjort den faglege vurderinga, har lagt vekt på at fagområdet er definert med utgangspunkt i biletkunst og kunsthandverk og skil seg frå meir kommersielle og designorienterte fagfelt. Utdanningane  ved Ytre kunstfagskole er tett kopla til yrkesfeltet, med vekt på å utdanne utøvande kunstnarar gjennom profesjonsnær praksis.

Komiteen peikar òg på at fagskolen har utvikla ein desentralisert modell der eksterne fagmiljø, fasilitetar og nettverk inngår som ein integrert del av utdanningane. Samarbeidet med yrkesfeltet gir studentane tilgang til profesjonelle kunstnarar og reelle arbeidssituasjonar, og styrkjer relevansen i tilboda.

Fakta om fagskulen

Ytre kunstfagskole er ein privat fagskule organisert som stifting, med base i Ålesund og desentralisert verksemd i samarbeid med fagmiljø på Nordvestlandet. Skulen tilbyr heiltids fagskoleutdanningar innan fagområdet visuell kunst, gjennom undervisning både i eigne lokale og i samarbeid med eksterne aktørar i den såkalla Ytremodellen. Per hausten 2025 hadde fagskolen 17 aktive studentar fordelte på to akkrediterte utdanningar innan fagområdet.

Fagområdeakkreditering gir ein fagskole større fagleg handlingsrom og ansvar for kvaliteten i utdanningane.

Del med andre