Tre nye vedtak om fagområdeakkreditering

NOKUT-styret har fatta vedtak i fire søknader om fagområdeakkreditering frå tre fagskular. Tre av søknadene fekk positivt vedtak, medan éin fekk avslag.

Logoer: Noroff, Fagskolen Oslo, TISIP
Logoer: Noroff, Fagskolen Oslo, TISIP

Noroff Fagskole har fått godkjent to fagområde – Design og digitale medier og IT og Digitalisering – medan Fagskolen Oslo har fått fagområdeakkreditering innan Helse.

Søknaden frå TISIP Fagskole om fagområdet Anvendt informasjonsteknologi fekk derimot avslag.

– Det er svært gledeleg at stadig fleire fagskuler får godkjend fagområdeakkrediteringar. Det gjør at fagskulene raskere kan etablere nye utdanninger samtidig som vi kan stole på at kvalitetsarbeidet og den faglege utviklinga er ivaretatt. For å sikre tillit  er det avgjerande at vi held fast på krava til fagmiljø og samarbeid med arbeidslivet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

To fagområde for Noroff Fagskole

Noroff Fagskole, som har campus fleire stader i landet og eit omfattande nettstudietilbod, får akkreditert sine to fyste fagområde. Det betyr at fagskulen no sjølv kan opprette nye utdanningar innanfor desse områda utan å søkje NOKUT for kvar enkelt utdanning.

Den sakkunnige komiteen peikar på at Noroff har eit breitt og relevant fagmiljø, og at samarbeidet med bransjen er godt utvikla. Fagskulen har tett kontakt med yrkesfeltet gjennom faste partnarar og fagråd, og fagmiljøet har kompetanse som spenner over heile fagområdet.

Les akkrediteringsrapporten – Design og digitale medier (pdf)

Les akkrediteringsrapporten – IT og digitalisering (pdf)

Fagskolen Oslo får akkreditert fagområdet Helse

Fagskolen Oslo får godkjenning for fagområdet Helse etter å ha endra søknaden frå Helse og oppvekst til eit meir avgrensa område.

Komiteen vurderer at fagskulen har ein tydeleg strategi for fagområdet, og at dei samarbeider tett med både spesialist- og primærhelsetenesta. Fagmiljøet har solid kompetanse og deltek aktivt i nettverk og utviklingsprosjekt innan helsefeltet.

Les akkrediteringsrapporten (pdf)

Avslag for TISIP Fagskole

TISIP Fagskole i Trondheim får avslag på søknaden om fagområdeakkreditering for Anvendt informasjonsteknologi. Den sakkunnige komiteen meiner at fagmiljøet ikkje er stort nok eller har tilstrekkeleg mange fast tilsette i store nok stillingar til å utvikle nye og eksisterande utdanningar innanfor fagområdet.

Komiteen vurderer at fagmiljøet er for sterkt dominert av små stillingsprosentar og oppdragsbaserte stillingar, noko som gjer det vanskeleg å byggje eit robust fagmiljø over tid.

Les akkrediteringsrapporten (pdf)

Meir tilsyn i åra framover

I forslaget til statsbudsjett for 2026 har NOKUT fått auka løyvingar, som mellom anna skal gå til meir tilsyns- og rettleiingsaktivitet retta mot fagskulane.

NOKUT-direktøren seier at noko av det som vil bli sett på gjennom desse tilsyna, er korleis fagskulane held kontroll på utvikling av nye utdanninger gjennom sitt eige kvalitetsarbeid, når dei ikkje lenger må søkje NOKUT for å opprette utdanningar.

– Det er fagskulane sjølve som har ansvaret for at dei til kvar tid oppfyller krava som er sette for å kunne tilby ei utdanning. Fagområdeakkreditering har vore eit viktig verkemiddel for å utvikle ein sterkare og meir sjølvstendig fagskulesektor. At vi som tilsynsorgan no kan kontrollere at krava for desse fullmaktene er tilfredsstilte, er heilt naturleg, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Fakta om fagskulane

Noroff Fagskole

Noroff Fagskole AS er ein privat fagskole etablert i 2006, med campus i Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand, i tillegg til eit omfattande nettstudietilbod. Fagskulen tilbyr utdanningar innan IT og digitalisering samt design og digitale medier, med 3650 aktive studentar fordelt på 70 utdanningstilbod våren 2025. Noroff har 34 aktive akkrediterte utdanningar, og tilbyr fleksible heiltids- og deltidsløp med opptak fire gonger i året.

Fagskolen Oslo

Fagskolen Oslo er ein offentleg fagskole eigd av Oslo kommune. Skulen tilbyr 20 studiar innan tekniske fag, helse- og oppvekstfag og leiing. Ifølgje DBH hadde fagskulen 974 aktive studentar hausten 2024, og uteksaminerte 114 studentar innan helse- og oppvekstfag same år. Fagskolen fekk si første fagområdeakkreditering i april 2025, for tekniske fag, og har no òg fått fagområdeakkreditering for helse.

TISIP Fagskole

TISIP Fagskole held til i Trondheim og har fire akkrediterte studietilbod innan IT, den eldste frå 2007. Hausten 2024 hadde fagskulen om lag 220 studentar, mange av dei på enkeltemne. Fagskulen søkte om fagområdeakkreditering for anvendt informasjonsteknologi 1. november 2023.

Del med andre