Skuleleiarar meiner ferske lektorar har god kompetanse

Mange nyutdanna lektorkandidatar kjenner dei manglar kompetanse, men leiarane deira er nøgde med kva dei kan.

I ein ny rapport har NOKUT sett på dei nyutdanna lektorane si oppleving av kompetansen dei har fått frå utdanninga og møtet deira med yrkeslivet. I rapporten samanliknar NOKUT opplevingane til dei ferske lektorane med tilsvarande opplevingar blant aktive lektorstudentar og nyutdanna kandidatar frå praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Rapporten tek også for seg korleis leiarar i skulen vurderer at kompetansen til kandidatane samsvarer med skulen sitt behov.

Rapporten er ein del av NOKUTs evaluering av de femårige lektorutdanningene for trinn 8–13.

Mange nyutdanna lektorar opplever kompetansehol

Rundt 60 prosent av lektorkandidatane opplever overgangen frå utdanning til yrke som utfordrande, kjem det fram i rapporten. Til samanlikning vurderer PPU-kandidatane i mindre grad enn lektorkandidatane at overgangen er utfordrande.

– Det er fleire område der dei nyutdanna lektorane opplever at kompetansen deira ikkje strekkjer helt til. Det gjeld blant anna det å identifisere elevar i vanskelege situasjonar og setje i gong tiltak, og å leggje til rette for godt samarbeid mellom skule og heimen. I tillegg er det fleire som meiner det er vanskeleg å vurdere elevane sitt læringsutbyte og å bruke vurdering som læringsprosess, seier Inger-Lise Kalviknes Bore, prosjektleiar for NOKUTs evaluering av lektorutdanningane.

Samtidig kjem det fram at rundt to tredelar av lektorkandidatane opplever god meistring i jobben som lærar.

– Det er fleire grunnar til at mange ferske lektorar opplever meistring i jobben. Mellom anna peikar dei på at dei får tilstrekkeleg rettleiing, at kompetansen deira blir verdsett og at dei har gode moglegheiter til fagleg utvikling, forklarer Bore.

Leiarane er nøgde med dei ferske lektorane sin kompetanse

Leiarane i skulen meiner jamt over at dei nyutdanna kandidatane har god kompetanse innan dei fleste områda, ut ifrå skulen sitt behov. Ein grunn til at kompetansen blir vurdert ulikt av leiarane og lektorkandidatane kan vere at dei to gruppene har ulike forventingar til kva lektorane skal kunne når dei byrjar i jobben.

– Kandidatane kan vere meir kritiske til eigen kompetanse, mens leiarane i skulen ikkje forventar at dei som kjem rett frå utdanninga skal vere utlært. I tillegg kan det dreie seg om at leiarane har mindre innsikt i kva som skjer i klasserommet, medan dei nyutdanna lærarane opplever kompetansebehovet sterkare ettersom dei må stå i situasjonen og handtere den sjølv, seier Bore.

Sluttrapport frå evalueringa til høsten

Heile rapporten om dei nye lektorane sin kompetanse kan lesast her. Den baserer seg i hovudsak på resultata frå spørjeundersøkingar blant lektorkandidatar, PPU-kandidatar, aktive studentar og leiarar i skulen. NOKUT gjennomførte spørjeundersøkingane i februar 2021. I tillegg trekkjer rapporten inn resultat frå anna relevant forsking og analysar.

Evalueringa av lektorutdanningane blir avslutta til hausten. Då vil det kome ein sluttrapport med mellom anna råd og tilrådingar som skal bidra til å styrkje lektorutdanningane. Sluttrapporten blir lansert på eit eige arrangement i oktober.

– Føremålet med evalueringa er å få eit betre kunnskapsgrunnlag slik at vi kan bidra med råd om kva som kan gjerast for å utvikle lektorutdanningane vidare, avsluttar Bore.

Del med andre