Konstruktive tilbakemeldingar frå Riksrevisjonen

NOKUT vil bruke tilbakemeldingar frå Riksrevisjonen i videreutviklingen av verkemidla sine for å sikre og utvikle utdanningskvaliteten.

I ein rapport som blei lansert tysdag 27. juni ser Riksrevisjonene på om universitet og høgskular legg til rette for å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma, og kor godt statlege verkemiddel støttar opp under dette arbeidet. Det gjeld mellom anna krava som blir stilte til det systematiske kvalitetsarbeidet til utdanningsinstitusjonane og NOKUTs tilsyn med dette.

– Riksrevisjonen har skrive ein grundig rapport som gir eit godt bilete av kvalitetsarbeidet i norsk høgare utdanning. Vi kjenner oss igjen i mange av skildringane deira, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Rapporten byggjer mellom anna på informasjon frå NOKUT-undersøkingane Studiebarometeret og Underviserundersøkelsen, i tillegg er det gjort intervju med vitskapelege tilsette, studentar, leiarar ved høgskular og universitet og tilsette i HK-dir, NOKUT og Kunnskapsdepartementet.

Nyttige, men omfattande tilsyn

I rapporten kjem det fram at fleire institusjonar har positive erfaringar med krava til det systematiske kvalitetsarbeidet, men mange gir uttrykk for at det er krevjande å oppfylle alle krava utan at systema blir for omfattande. Det blir også peikt på at regelverket kunne vore betre tilpassa slik at det dekkjer mangfaldet av institusjonar betre. Krava er fastsette i universitets- og høgskuleloven, studiekvalitetsforskrifta (Kunnskapsdepartementet) og i studietilsynsforskrifta (NOKUT).

Når det gjeld NOKUTs tilsyn, blir dei beskrive som nyttige, og at dei bidrar til å skape merksemd om kvalitetsarbeidet og dessutan at dei stimulerer til å forbetre kvalitetssystemet. Samtidig opplevast tilsynet som ein omfattande prosess som krev mykje arbeid mellom anna når det gjeld å sende inn dokumentasjon.

– Denne rapporten kjem på eit gunstig tidspunkt for oss fordi NOKUT er i ferd med å utvikle den periodiske oppfølginga til neste generasjon av det systematiske kvalitetsarbeidet til utdanningsinstitusjonane. I dette arbeidet vil vi ta med oss tilbakemeldingane frå Riksrevisjonen. Ambisjonen vår er at regelverket berre skal regulere det som er nødvendig for å sikre rammene for høgare utdanning, at verkemidla skal vere meir tilpassa eigenarten og fullmaktene til institusjonane og at heile ramma for kvalitetsarbeidet skal vere enda meir retta mot vidareutvikling av utdanningskvalitet, seier Vinje.

Blir sett på i samanheng med evaluering

NOKUT har også nyleg blitt evaluert av ENQA, som er paraplyorganisasjonen for kvalitetssikringsorgan i Europa. Den internasjonale evalueringskomitéen konkluderte med at NOKUT oppfyller alle kriterium og gav rosande omtale på fleire område, men gav også gode råd om vidare utvikling. Mellom anna trekte komitéen fram at NOKUT saman med institusjonane kan utvikle betre og meir effektive metodar for innhenting av dokumentasjon i akkrediterings-, evaluerings- og tilsynsprosessar. Hensikta med dette vil vere å lette arbeidet hos institusjonane.

– Riksrevisjonen og ENQA peikar på noko av det same, det dreier seg mellom anna om at NOKUTs prosessar kan føre til ei stor arbeidsbør for institusjonane og kan aggregere store mengder dokumentasjon, og at dei kan bli betre tilpassa eigenarten til institusjonanes eigenart. Dette er også i tråd med NOKUTs eigne ambisjonar om utvikling av enklare regelverk og treffsikre verkemiddel tilpassa institusjonane sin eigenart som er uttrykt i den nye strategien vår NOKUT 2030: sikre kvalitet, skape tillit. Derfor er desse innspela noko vi vil sjå nærare på i dialog med høgskulane, universiteta, Kunnskapsdepartementet og andre interessentar, seier NOKUT-direktøren.

Les heile rapporten frå Riksrevisjonen

Del med andre