Tre høgskular må rette opp manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet etter NOKUT-tilsyn

Alle dei tre høgskulane må rette opp manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet etter NOKUT-tilsyn før dei kan få godkjent kvalitetsarbeidet sitt. To har enkelte manglar, mens éin har vesentlege manglar og må gjennom eit heilt nytt tilsyn i 2025.

NOKUT har gjennomført tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved Skrivekunstakademiet, Norsk barnebokinstitutt og Lillehammer Institute of Music Production and Industries (LIMPI). Skrivekunstakademiet og LIMPI tilbyr kvart sitt årsstudium, mens Norsk barnebokinstitutt tilbyr ein masterutdanning, ein forfattarutdanning på 60 studiepoeng og ein vidareutdanning på 30 studiepoeng. For LIMPI sin del var dette det første NOKUT-tilsynet sidan høgskulen sitt eine studietilbod vart akkreditert i 2016.

– Det er utdanningsinstitusjonane som sjølve har ansvaret for kvaliteten i dei studietilboda dei tilbyr. NOKUT si rolle er å gjennomføre ekstern kvalitetssikring gjennom tilsyn, der NOKUT kontrollerer at institusjonane forvaltar dette ansvaret på ein tilfredsstillande måte. Samtidig skal institusjonane få råd om vidareutvikling av kvalitetsarbeidet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Tilsynet viser at kvalitetsarbeidet ved Skrivekunstakademiet og Norsk barnebokinstitutt har enkelte manglar. Begge høgskulane må innan 7. januar 2025 dokumentere at dei har retta opp manglane. LIMPI sitt kvalitetsarbeid har vesentlege manglar, og høgskulen må rette opp i manglane innan 7. mai 2025.

– Alle tre institusjonane får positive tilbakemeldingar frå den sakkunnige komiteen, men samtidig er det fleire ting dei må jobbe med for å få godkjent kvalitetsarbeidet, seier Vinje.

Skrivekunstakademiet

I si innstilling skriv komiteen at han sit igjen med eit inntrykk av engasjerte og interesserte studentar og tilsette som ønskjer å bidra til ei god utdanning. Komiteen ser også at Skrivekunstakademiet har jobba målretta med å gjere kvalitetssystemet betre. Manglane i kvalitetsarbeidet går på at høgskulen må dokumentere rutinar og praksis for periodiske evalueringar og systematisk kontroll med studietilbodet, og at kvalitetsarbeidet må få ein tydelegare forankring i ein strategi.

Les heile rapporten (pdf)

Norsk barnebokinstitutt

Komiteen ser at Norsk barnebokinstitutt tar kvalitetsarbeidet på alvor, og at ein tydeleg kvalitetskultur gjennomsyrer heile institusjonen. Sjølv om komiteen gir mykje ros til høgskulen, kan dei sakkunnige samtidig konstatere at to av krava til systematisk kvalitetsarbeid ikkje er oppfylte, nemleg krava om å gjennomføre periodiske evalueringar og systematisk kontroll av studietilboda.

Les heile rapporten her (pdf)

LIMPI

Komiteen ser at LIMPI har lagt ned mykje arbeid med utvikling av kvalitetssystemet dei seinaste åra. Når komiteen konkluderer med at kvalitetssystemet har vesentlege manglar, er det grunngjeve med at dei sakkunnige finn at det er nødvendig med eit meir systematisk arbeid relatert til kvalitetsutvikling. LIMPI tilbyr utdanning på høgskulenivå og må tilfredsstille dei krava som er stilte til høgare utdanningsinstitusjonar, konstaterer den sakkunnige komiteen.

Les heile rapporten her (pdf)

Lovpålagt tilsyn

Norske universitet og høgskular er pålagde å ha eit tilfredsstillande system for kvalitetssikring av utdanninga. Det systematiske kvalitetsarbeidet skal sørgje for at institusjonane sikrar og vidareutviklar kvaliteten i utdanningane dei tilbyr.

Eit tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane er ei lovpålagd oppgåve for NOKUT, og alle universitet og høgskular skal gjennom eit slikt tilsyn kvart sjette til åttande år. NOKUT sitt arbeid med ekstern kvalitetssikring er forankra i European Standards and Guidelines for Quality Assurance in the Higher Education Area (ESG 2015).

Måla med det periodiske tilsynet er

  • å kontrollere at det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane oppfyller gjeldande krav i lova og forskriftene
  • å stimulere institusjonane til å vidareutvikle kvaliteten i utdanningane sine gjennom det systematiske kvalitetsarbeidet
  • å bidra med råd, slik at institusjonane får innspel til vidareutvikling av det systematiske kvalitetsarbeidet

Del med andre