Fagskolen Innlandet får utvida akkrediteringa for fagområdet landbruksfag – gjeld no også for skogbruk

Fagskulen fekk akkreditering for fagområdet landbruksfag i 2021. I dag har NOKUTs styre godkjent Fagskolen Innlandet sin søknad om å få utvida fagområdet til også å omfatte skogbruk.

–  Vi gratulerer Fagskolen Innlandet med utvidinga av fagområdet. Fagskulen har demonstrert at dei har fagleg kapasitet til å inkludera skogbruk i utdanningsprofilen sin, og komiteen som har vurdert søknaden, meiner fagskulen vil vera ein viktig regional og nasjonal aktør i arbeidet med å utvikle skogbruket som næring. Vi ønskjer Fagskolen Innlandet lukke til med å etablere utdanningstilbod innan dette viktige feltet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Gode tilbakemeldingar frå sakkunnig komité

Komitéen meiner at Fagskolen Innlandet har ein strategi med mål og tiltak for å utvikle det utvida fagområdet. Fagskulen har tilstrekkelege føresetnadar for å nå dei strategiske måla for fagområdet landbruksfag generelt og skogbruk spesielt, og for å gjennomføre tiltak for å vidareutvikle fagområdet.

Fagskolen Innlandet har i dag fire fagområdeakkrediteringer, innanfor landbruksfag, helsefag, teknologifag og bygg- og anleggsteknikk. I 2021 vart Fagskolen Innlandet den første fagskulen med fire fagområdeakkrediteringer og den første med akkreditering for fagområdet landbruksfag.

Les heile rapporten (pdf)

Del med andre