VID vitenskapelige høgskole får nytt doktorgradsprogram i helsevitskap

Tysdag 7. mai vedtok styret i NOKUT å godkjenne akkrediteringssøknaden frå VID vitenskapelige høgskole, som med det får den tredje doktorgradsutdanninga si.

Doktorgradsprogrammet i helsevitskap omfattar fleire fag innanfor disiplinen og skal utvikle ny kunnskap om helsefremjing, sjukdomsførebygging, behandling, rehabilitering, pleie, omsorg og lindring.

Med doktorgradsprogrammet får VID utvida fullmakter til å opprette utdanningar på masternivå.

– Vi gratulerer VID med den tredje doktorgradsutdanninga deira. Med dette nye doktorgradsprogrammet innan helsevitskap har VID demonstrert at dei har fagleg kapasitet til sjølve å kunna oppretta utdanningar til og med masternivå innanfor dette viktige feltet, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Les heile rapporten (pdf)

Første ph.d. sidan fusjon

VID vitenskapelige høgskole blei etablert i 2016 etter ein fusjon av fire diakonale/kyrkjelege høgskular, og frå 1. januar 2018 blei ein femte høgskule del av fusjonen. Ph.d. i helsevitskap er den første ph.d.-graden VID får akkreditert etter fusjonen.

VID sitt ph.d.-program i diakoni, verdiar og profesjonell praksis blei akkreditert i 2012. Søknaden kom då frå Diakonhjemmet Høgskole. Ph.d.-programmet i teologi og religion blei akkreditert i 2002 frå Misjonshøgskolen.

Del med andre