Høgskulen for grøn utvikling får grønt lys, kvalitetsarbeidet er tilfredsstillande

NOKUT-styret har vedteke at kvalitetsarbeidet ved Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er tilfredsstillande. Høgskulen oppfyller no alle krava til kvalitetssystem og kvalitetsarbeid i universitets- og høgskuleforskrifta.

Logo: Høgskulen for grøn utvikling (HGUt)
Logo: Høgskulen for grøn utvikling (HGUt)

Vedtaket kjem etter at høgskulen har hatt eitt år på seg til å retta opp vesentlege manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet, som vart peika på i tilsynet i 2024.

– HGUt har på kort tid gjort omfattande endringar i kvalitetsarbeidet sitt. Dei har utvikla eit system som er godt tilpassa storleiken på institusjonen og som gir eit godt grunnlag for vidare utvikling, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Den sakkunnige komiteen peikar på at høgskulen har gjort store forbetringar det siste året. Kvalitetsarbeidet er no tydeleg kopla til strategiske mål, godt forankra i styret og leiinga og involverer både studentar og tilsette. Komiteen meiner også at høgskulen har fått på plass eit kvalitetssystem som er tilpassa ein liten institusjon og trekkjer fram at opprettingsprosessen kan vere eit eksempel til etterfølging for andre små høgskular.

Samtidig viser komiteen til at høgskulen har ein lang historikk med manglar i kvalitetsarbeidet og tilrår at NOKUT følgjer opp institusjonen igjen om tre til fire år.

Les tilsynsrapport med vedtak (pdf)

Fakta om høgskulen

Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er ein privat høgskule i Bryne. I 2005 fekk høgskulen akkreditert tre årseiningar av NOKUT, og på grunnlag av desse årseiningane gav Kunnskapsdepartementet i 2010 høgskulen rett til å tildele bachelorgrad. I tillegg til bachelor i nyskaping og regenerativ utvikling tilbyr HGUt ulike enkeltemne som òg inngår i bachelorprogrammet, på 30 og 60 studiepoeng.

Institusjonen har røter tilbake til etableringa av Høgskulen på Jæren i 2001 og fekk dagens namn i 2020. Undervisninga er samlingsbasert og kan følgjast både fysisk og digitalt.

Hausten 2025 hadde HGUt 22 studentar og fem tilsette.

Del med andre