Bak kvaliteten står dei sakkunnige
Når NOKUT vurderer kvalitet i høgare utdanning, er det ikkje berre regelverk og prosessar som avgjer. Det avgjerande er dei faglege vurderingane, og det er det dei sakkunnige som står for.
Kvar gong vi vurderer ei utdanning, eit kvalitetssystem og kvalitetsarbeid eller ein institusjon, er det eksterne fagpersonar som gjer sjølve vurderingsarbeidet. Dei sakkunnige bidrar med fagleg kunnskap frå eit fagområde, fagleg skjønn og oppdatert erfaring frå sektoren. Dei går gjennom søknader/eigenvurderingar og dokumentasjon, møter studentar og tilsette, stiller spørsmål og diskuterer seg fram til tilrådingar som dannar grunnlaget for NOKUTs vedtak. NOKUTs saksbehandlarar støttar dei sakkunnige og bidrar med kunnskapen sin inn i arbeidet til dei sakkunnige. Dette samspelet mellom NOKUT og dei sakkunnige er avgjerande for tilliten til kvalitetssikringa i høgare utdanning.
Bruk av sakkunnige er også ein del av dei europeiske standardane for kvalitetssikring i høgare utdanning (ESG). Arbeidet kan sjåast på som ei form for fagfellevurdering: Uavhengige ekspertar vurderer kvaliteten og gir tilrådingar som ligg til grunn for avgjerdene som blir tatte.
Korleis jobbar dei sakkunnige?
Sakkunnige jobbar i komitéar som blir sette saman for å dekkje ulike typar kompetanse og erfaring. Komiteane består alltid av vitskapelege tilsette og studentar frå høgare utdanning, og ofte også av internasjonale ekspertar og representantar frå samfunns- eller arbeidslivet.
Dei fleste verkemidla for ekstern kvalitetssikring av høgare utdanning er regulerte gjennom krav til kompetansen til komitéane og samansetning i forskrift. I nokre prosessar foreslår institusjonane sjølv sakkunnige, før NOKUT vurderer dei opp mot desse krava. Dei som skal gjennom ein NOKUT-prosess får alltid høve til å uttale seg før komitéen blir utnemnd. Når komitéen er på plass, blir dei sakkunnige sett inn i det som er forventa av dei og får opplæring. I utdanningsevalueringane er dei også med på å forme mandatet.
Arbeidet til dei sakkunnige varierer mellom dei ulike type prosessane, men dei må alltid setje seg inn i dokumentasjon som skal vurderast og ofte møter dei også representantane frå institusjonen eller studietilbodet som skal vurderast. Dei sakkunnige diskuterer seg fram til sine faglege vurderingar og tilrådingar. Vurderingane samlast i ein sakkunnig rapport som er ein viktig del av grunnlaget for NOKUTs vidare behandling.
Eit viktig oppdrag
Å vere sakkunnig for NOKUT inneber ansvar. Vurderingane skal vere grundige, uavhengige og rettferdige. Samtidig er det også ei mogelegheit til å bidra til utviklinga av kvaliteten i norsk høgare utdanning. Mange opplever arbeidet som fagleg utviklande. Som sakkunnig får ein innsikt i korleis andre institusjonar jobbar med kvalitet, og diskuterer utfordringar og løysingar med erfarne kollegaer frå heile sektoren.
For NOKUT er dyktige sakkunnige heilt avgjerande. Det krev mykje å setje saman gode komitéar og sikre gode prosessar. Men det er nettopp dette som gjer ordninga så verdifull. Utan dei sakkunnige ville vi ikkje hatt det same grunnlaget for faglege vurderingar og heller ikkje den same tilliten til systemet. Derfor er vi alltid på jakt etter dyktige sakkunnige, det vere seg vitskapeleg tilsette, leiing og administrasjon, studentar og representantar frå samfunns- eller arbeidslivet som ønskjer å bidra. NOKUTs sakkunnige bidrar til å vidareutvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning.