Til dykk som vurderar å starte ein fagskule

NOKUT har ansvar for å akkreditere høgare yrkesfagleg utdanning, altså fagskuletilbod, i Noreg. Berre skular som har akkrediterte fagskuletilbod kan kalle seg fagskular. Formålet med akkrediteringa er å sikre at alle fagskuleutdanningar tilfredsstiller dei lovfesta krava til kvalitet i utdanninga. Å sette seg inn i og etterleve regelverk og formelle krav til fagskuleutdanning er ein omfattande jobb som krev kompetanse innan administrasjon, økonomi og pedagogikk, i tillegg til bransjekunnskap.

Vi ser at nye søkarar ofte undervurderer kor lang tid det vil ta å få på plass det som er naudsynt for å få akkreditert ei fagskuleutdanning. Her vil vi difor gje ei overordna forståing av kva det inneber å drive ein fagskule og kva det vil krevje av verksemda. Målgruppa for teksten er dei som ønskjer å søke NOKUT om akkreditering av si første fagskuleutdanning.

Vi har delt teksten inn i to hovuddelar: Ein del som tek føre seg generelle administrative krav for fagskulen som institusjon og ein del som gjeld krav til kvar einskild utdanning.