NOKUT ønskjer å styrkje kunnskapsgrunnlaget om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR)

Tysdag 5. oktober sendte NOKUT ut den fyrste store datainnsamlinga om NKR. Svara vil vere sentrale for kunnskapen om korleis NKR verkar i utdanningssektoren.

Illustrasjon NKR
Illustrasjon NKR

NOKUT evaluerer Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Dette er eit prosjekt som starta opp i januar 2021 og som skal vare ut 2022. Målet med evalueringa er å kartleggje dagens situasjon, vurdere om NKRs funksjonar er i tråd med dei fastsette føremåla og leggje til rette for ei kunnskapsbasert vidareutvikling av rammeverket.

Vil vite meir om korleis NKR verkar inn mot utdanningssektoren

5. oktober sendte NOKUT ut ei sjølvevaluering til eit utval utdanningsinstitusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Prosjektleiar for evalueringa, Jon Furholt, ser fram til å få fagskulanes, høgskulanes og universitetas perspektiv fram i lyset:

– Mange har meiningar om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, men vi manglar eit stort og grundig kunnskapsgrunnlag. Vi veit at NKR har stor innverknad på utdanningssektoren, men vi ønskjer å få fram det store biletet om korleis dette faktisk fungerer, også frå stemmar som ikkje har vore like sterke, seier Furholt.

Sjølvevalueringa som NOKUT har sendt ut skal dekkje mange område, frå utdanningskvalitet og autonomi, til arbeidslivsrelevansen i utdanningane og studentmobilitet. Dette vil vere ei av dei viktigaste kjeldene til korleis NKR verkar inn mot utdanningssektoren.

– Vi er avhengig av at institusjonane kjem på banen for å få til eit godt kunnskapsgrunnlag. Vi håper også dei ser seg tent med å få dette fram i lyset. Det er jo ein arbeidsinnsats vi ber institusjonane om å leggje ned i dette, så vi ønskjer å få fram verdien dette også vil ha for dei, understrekar Furholt.

Viktig med god kunnskap om kvalitetstilstanden

NOKUT jobbar systematisk med å samle og formidle kunnskap om kvalitetstilstanden i utdanningssektoren, men også evalueringar av utdanningspolitiske rammeverk og verktøy er viktige oppgåver.

– NOKUTs samfunnsoppdrag er å sikre og fremme kvalitet i utdanning, og da er kunnskap om kvaliteten heilt avgjerande. Vi jobbar godt saman med sektoren, og vi forventar ærlege og skarpe tilbakemeldingar også i denne evalueringa, seier NOKUTs direktør Kristin Vinje.

Sjølvevalueringa NOKUT no har sendt ut skal følgjast opp med ei tilsvarande kartlegging av fagmiljøas perspektiv på NKR, og skal sendast ut seinare denne hausten.

Dersom institusjonen din ikkje er ein del av utvalet, men likevel ønskjer å delta i sjølvevalueringa, kan de ta kontakt med Jon Furholt.

Les meir om evalueringa

Del med andre