Evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring

NOKUT evaluerer Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring.

Bakgrunn og oppdrag

I 2021 er det 10 år sidan innføringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Med dette etablerte Noreg ein fullstendig nivåstruktur som gjorde slik at alle utdanningskvalifikasjonar har eit nivå. Samstundes blei det innført læringsutbyteskildringar for alle utdanningar, på alle nivå.

Allereie frå starten var det klart at NKR skulle bli evaluert når det hadde fått verke ein stund. Ein større gjennomgang av NKR har vore varsla fleire gongar, og seinast ved innføringa av ny fagskulelov i 2018.

I 2020 bestemte Kunnskapsdepartementet seg for å setje i gang gjennomgangen, og for at denne skulle vere kome i to ledd. Det fyrste skulle vere ein ekstern moglegheitsstudie av innplassering av fagskuleutdanningar over nivå 5, eller parallelle nivåskildringar på nivåa 6–8. Utreiinga blei gjennomført av selskapet Technopolis, som avleverte rapporten om parallelle nivåskildringar i NKR i oktober 2020.

I januar 2021 fekk NOKUT som andre del av gjennomgangen i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av NKR. Denne skal gje "et helhetlig bilde av hvordan NKR i dag fungerer og gi et grunnlag for videreutvikling". Arbeidet har fått ei ramme på to år og skal sjå nærmare på kva funksjonar og effektar NKR har i dag, kva grad det er i tråd med føremåla og kome med tilrådingar om vidare utvikling. Den skal også ta inn vurderingane frå utreiinga av parallelle nivåskildringar.

Evalueringsspørsmål og arbeidsområde

Arbeidet med evalueringa er i gang, og er organisert etter nokre overordna spørsmål og arbeidsområde. Evalueringa er tematisk delt inn i to område som er knytt til to ulike og overordna verkeområde for NKR:

  1. Utdanningskvalitet og regulering av utdanning
  2. Mobilitet og livslang læring

Desse to områda er på ulike måtar og i ulik grad formulert som eksplisitte mål for NKR, og brukt i regelverka for utdanningssektoren. Evalueringa går inn i desse to områda for forsøkjer å svare på to overordna evalueringsspørsmål:

  1. Kva er dagens situasjon innanfor det relevante området?
  2. I kva grad oppfyller NKR det som er føremålet, kva er eventuelle hindringar og moglege tiltak for kompensere for desse?

På grunnlag av det går NOKUT breitt ut for å samle informasjon. Denne skal gje eit godt kunnskapsgrunnlag for evalueringa, og vidareutviklinga av NKR i framtida.

Interessentar

NKR er eit krevjande evalueringsområde fordi det har svært mange, og svært ulike, interessentar og brukarar. NKR er meint til å vere relevant, ikkje berre for utdanningssektoren, men også for storsamfunnet, arbeidslivet og for den enkelte. Det gjer at evalueringsarbeidet må samle inn kunnskap gjennom fleire ulike evalueringsaktivitetar og -metodar, retta mot fleire grupper. Evaluering har særleg sett til følgjande grupper:

  • Studentar
  • Utdanningsinstitusjonar innan høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
  • Fagmiljø med ansvar for undervisning
  • Ferdig uteksaminerte kandidatar og arbeidstakarar
  • Arbeidsgjevarar
  • Organisasjonar (t.d. studentorganisasjonar, arbeidslivsorganisasjonar, samanslutningar innan utdanning)

Kva skjer framover?

Utover prosjektperioden vil NOKUT gjennomføre ulike innsamlingsaktivitetar for å setje saman eit kunnskapsgrunnlag. Vi vil på ulike måtar kome i kontakt med dei ulike målgruppene, og skaffe direkte eller indirekte data på for desse gruppene og NKR. NOKUT vil deretter gå over til å analysere det innsamla datagrunnlaget, og gjennomføre enkelte djupdykk der det er naudsynt.

Evalueringa blei ferdigstilt og lansert 24. mai 2023. Sjå opptak frå lanseringa.

Rapportar

 

 

Gå tilbake til hovudsida om NKR