– Det er studentane som til sjuande og sist sit att med læringsutbytet

Den andre rapporten frå evalueringa av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) viser korleis studentane opplever læringsutbyteskildringar i utdanningane.

NOKUT fekk i 2020 i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å gjennomføre ei evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Som ein del av kunnskapsgrunnlaget for evalueringa har NOKUT gjennom Studiebarometeret spurt studentane i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning om korleis dei opplever læringsutbyteskildringane.

– Det er særleg læringsutbyteskildringane for dei enkelte utdanningane som er konsekvensane av NKR som studentane møter. Det er også studentane som sit att med læringsutbytet av utdanningane, fortel analysedirektør i NOKUT Ole-Jacob Skodvin.

I rapporten samanstiller og presenterer NOKUT det kvantitative materialet som vi har samla inn gjennom denne undersøkinga. Opplevingane studentane har av dette er heilt avgjerande for å forstår korleis NKR har fungert. Rapporten utgjer ei sentral kunnskapskjelde for evalueringa av NKR.

Denne rapporten er den andre delrapporten som evalueringa publiserer. Den fyrste presenterte perspektivet til utdanningsinstitusjonar og fagmiljø på bruk, effektar og nytte av NKR. NOKUT skal levere endeleg evalueringsrapport i mai 2023.

Høg kjennskap, stor variasjon

– Studentar i både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning rapporterer om svært høg kjennskap til læringsutbyteskildringane. Dei vurderer læringsutbyteskildringane som enkle å forstå og i samsvar med det dei lærer, og dei bruker læringsutbyteskildringane til både emneval og eksamensførebuing, seier Skodvin.

Det er imidlertid stor variasjon mellom utdanningar og fag. Studentar ved helse-, sosial- og omsorgsutdanningane kjenner i størst grad til læringsutbyteskildringane for utdanningane sine og bruker dei meir i studiekvardagen sin. Det er også stor skilnad på tidspunktet studentane blir kjent med læringsutbyteskildringane. Helse-, sosial- og omsorgsstudentane blir i større grad enn andre studentar kjent med læringsutbyteskildringane for utdanningane sine fyrst når dei har starta opp utdanninga.

For studentar i høgare yrkesfagleg utdanning er det særleg dei som går på reint nettbaserte utdanningar som i større grad kjenner til læringsutbyteskildringane og blei kjent med læringsutbyteskildringane tidleg. Desse studentane vurderer også læringsutbyteskildringane som betre, og brukar dei i større grad, samanlikna med studentar på stad- og samlingsbaserte utdanningar.

Samanheng mellom kvalitetar og bruk

Resultata frå undersøkinga viser også at det er samanheng mellom kvalitetar ved læringsutbyteskildringane og studentars bruk. Det er tendensar til at dersom læringsutbyteskildringane er godt utforma – det vil seie at dei er enkle å forstå, er tydeleg kopla på emne- og programnivå og samsvarar med opplevd læringsutbyte – så blir dei òg i større grad brukt og vurdert som nyttige av studentane. Særleg i kva grad læringsutbyteskildringane samsvarer med det studentane faktisk har lært, ser ut til å vere viktig for i kva grad studentane bruker dei i studiekvardagen sin. 

– I tala vi presenterer i dag ser det ut til at det er særleg relevant for studentane om dei opplever at læringsutbyteskildringane står i eit realistisk forhold til kva dei faktisk har lært. For mange studentar er læringsutbyteskildringar verktøy dei bruker i studiekvardagen, held Skodvin fram.

Eit markant, men ikkje uventa trekk, er at der er svært liten grad av utveksling for studentar i høgare yrkesfagleg utdanning, og det er vanskeleg å kunne seie noko om NKR eller læringsutbyteskildringar har vore relevante for desse studentane.

NOKUT skal ferdigstille og overlevere hovudrapporten til Kunnskapsdepartementet i mai 2023, saman med data frå arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Les rapporten:

Del med andre