Fagskulen MedLearn får fagområdeakkreditering for helse- og oppvekstsfag

Dermed kan MedLearn sjølv opprette nye fagskuleutdanningar innanfor helse- og oppvekstfag, utan at NOKUT treng å godkjenne utdanningane.

Dei siste åra har stadig fleire fagskular fått fagområdeakkreditering. Dette gir dei rett til å sjølv opprette dei fagskuleutdanningane fagskulen ønskjer å tilby. I styremøte i dag blei nok ein fagskule lagt til denne lista – fagskulen MedLearn.

– NOKUT gratulerer med ein god og gjennomarbeidd søknad. Men viktigast av alt er å ønskje MedLearn lykke til i det vidare arbeidet med å utdanne fleire fagskulestudentar innan helse- og oppvekstfag, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Helse- og oppvekstfag er relatert til anerkjende yrkesfelt i samfunnet, og også innafor dette feltet er arbeidslivet i stadig endring. Den nye kompetansen studentane får kan tas direkte i bruk til dømes ved sjukeheimar, heimeteneste, dagsenter, barnehagar og avlastingsheimar.

Godt strategisk arbeid mot målet

I rapporten trekk dei sakkunnige fram at fagskulen har arbeidd strategisk mot målet om å få en fagområdeakkreditering. Dei har brukt tid på søknadsprosessen internt og samarbeidd godt med eksterne partnarar i arbeidslivet. På denne måten har dei også arbeidd med å utvikle sin eigen strategi, kvalitetssystemet og fagmiljøet. Studieløpet ved MedLearn er nettbasert og studentane møtast aldri fysisk. MedLearn må derfor arbeide innovativt i skjeringspunktet fag, pedagogikk og digitale verktøy for at studentane skal trivast og fullføre studiet, skriv komiteen.

Les rapporten frå den sakkunnige komiteen (pdf)

Fakta om fagskulen:

  • MedLearn AS er ein privat utdanningsinstitusjon med røter tilbake til 1900-talet då Nórens Korrespondanseinstitutt (NKI) starta opp si verksemd i Sverige. I 2018 blei namnet endra frå NKI til MedLearn AS som førte vidare drifta av helsefagutdanningane.
  • MedLearn hadde ved søknadstidspunktet tolv akkrediterte utdanningar innanfor helse og oppvekstfag.
  • MedLearn tilbyr nettbaserte utdanningar. All undervisning går føre seg på nett gjennom blant annet webinar og podcastar, og studentane kommuniserer med kvarandre og lærarane gjennom eit kommunikasjonsverktøy (app på mobil). Lærarane si viktigaste oppgåve er å rettleie studentane og bidra til refleksjon og knyte teori til den praksisen studentane allereie har.
  • Administrasjonen og delar av fagmiljøet held til i Oslo, medan faglærarane og studentane held til i heile Norge.
  • I 2019 var det 1588 søkjarar til 686 plassar.

Del med andre