Fagmiljørapport skal starte diskusjon og knuse mytar

Endringar i utdanningssektoren har skapt eit behov for diskusjonar om korleis "det gode fagmiljøet" ser ut og korleis dette best kan regulerast. Med den nye rapporten vår ønskjer vi å leggje til rette for auka kunnskap og merksemd om dette. Samtidig bidrar rapporten til å avdekkje misoppfatningar og knuse mytar om NOKUTs krav til fagmiljøa.

– For NOKUT er denne rapporten det fyrste bidraget til ei auka forståing av kor viktig fagmiljøa er for utdanningskvaliteten. Vi ser fram til å følgje dette opp i dialog med sektoren, seier NOKUTs administrerande direktør Terje Mørland.

I rapporten har vi sett på kva som kjenneteiknar gode fagmiljø. Eit sentralt funn er at det ikkje er mogleg å gi eit fasitsvar på kva eit godt fagmiljø er eller korleis det bør vere sett saman. Ulike fagområde og utdanningstypar har ulike behov, og kompetansesamansetjinga og storleiken på fagmiljøet må nødvendigvis variere. Dei fellestrekka ved det "gode fagmiljøet" vi har identifisert er derfor på eit overordna nivå og ikkje på detaljnivå.

– Vi har funne ein del fellestrekk for kva som skaper gode fagmiljø. Det gjeld kompetanseprofilar som bidrar til fagleg utvikling og til at læringsutbytet blir oppnådd, god samhandling mellom tilsette, ein reflektert bruk av eksterne undervisarar, fokus på felles utvikling av studietilboda og inkludering av studentane i faglege fellesskap, forklarer Stephan Hamberg. Han er medforfattar av rapporten og assisterande avdelingsdirektør i evaluering- og analyseavdelinga i NOKUT.

Vidare ser rapporten på dagens regulering av fagmiljø gjennom NOKUTs studietilsynsforskrift, og om denne er romsleg nok for det store mangfaldet av fagområde og utdanningstypar. I tillegg ser rapporten på om forskrifta er tilpassa det strukturelle landskapet der studietilbod ofte blir tilbydd parallelt ved fleire campus.

– Funna våre tyder på at krava til fagmiljø er fleksible, men at det er behov for dialog med sektoren om utfordringar knytt til detaljkrava til fyrstestillingskompetanse. Vidare kan det vere behov for å setje studentane tydelegare i sentrum i regelverket for å gjere det klarere kven dei gode fagmiljøa skal kome til gode, seier Hamberg.

Gjennom intervju med personar i fagmiljøa har det kome fram at det eksisterer ein del mytar og misoppfatningar om NOKUTs krav. Det gjeld særleg eit i overkant stort fokus på minstekravet til fyrstestillingskompetanse og ei noko snever forståing av omgrepet "forskingsbasert utdanning".

– Det er ei utfordring at fagmiljøa ikkje ser ut til å vere klar over sitt eige handlingsrom. Her er det behov for informasjonsarbeid og medvit rundt omgrepa vi bruker, avsluttar Hamberg.

Les rapporten Fagmiljø og utdanningskvalitet (pdf)

Les presentasjonen frå frukostmøtet (pdf)

Del med andre