Studentane er i hovudsak tilfredse, men fleire svarar at dei er mindre fornøgde med studiet sitt

For tiande gong har NOKUT spurt studentar ved norske høgskular og universitet om dei er fornøgde med studieprogrammet dei går på. Aldri før har dei vore mindre tilfredse enn kva dei er no.

Rundt 28 000 studentar har svart på spørsmål om korleis dei opplever utdanninga si. Fasiten er at nesten 7 av 10 studentar overordna sett er fornøgde med studiane sine, medan litt meir enn 1 av 10 er lite fornøgde.

– Den overordna tilfredsheita med studiane har gått ned sidan sist undersøking og er no på det lågaste nivået sidan vi starta med Studiebarometeret. Samtidig er det viktig å understreke at studentane framleis i hovudsak er fornøgde med studiane sine. Det er også store variasjonar mellom studieprogram og utdanningsinstitusjonar, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Noko av nedgangen kan forklarast ved at det er færre studentar som er svært fornøgde med studieprogramma sine. Det er inga tydeleg negativ endring på dei andre spørsmåla i undersøkinga.

Dei mest fornøgde studentane finn vi på fysikk, arkeologi og geologi. I den andre enden av skalaen er sjukepleie, lektorutdanning og grunnskulelærar.

Fornøgde sjukepleiarstudentar i Fredrikstad og Bodø

Studiebarometeret er eit verktøy som institusjonane kan bruke i sitt eige kvalitetsarbeid, og derfor er resultata på institusjons- og programnivå dei mest interessante som utgangspunkt for å styrkje kvalitetsarbeidet.

Ved enkelte utdanningar er studentane langt meir fornøgde no samanlikna med året før. Eit godt døme på det er sjukepleiarstudentane ved Høgskolen i Østfold, studiestad Fredrikstad. Det same gjeld også for sjukepleieutdanninga ved Nord universitet i Bodø. NOKUT-direktøren er imponert over grepa dei har tatt ved dei to utdanningane.

– Hensikta med Studiebarometeret er å gi utdanningsinstitusjonane og studieprogramma informasjon om korleis studentane vurderer studiane. På den måten får dei vite kor skoen trykkjer sånn at dei kan ta grep og rette opp. Det har dei klart ved sjukepleiarutdanningane i Fredrikstad og Bodø. Der jobbar dei systematisk med Studiebarometeret og har dialog med studentane om korleis dei kan løfte kvaliteten. Det gir resultat, noko som er veldig inspirerande, seier Vinje.

På landsbasis er arkitektur og fysikk utdanningstypane som har størst positiv endring. Studentane på desse utdanningane blei i stor grad påverka av at dei ikkje kunne vere på campus under pandemien, noko som gav negative utslag sist. No er tilfredsheita på eit meir vanleg nivå.

Betre sosialt og fagleg læringsmiljø enn under pandemien

Under pandemien var det ein nedgang i korleis studentane vurderte det sosiale og faglege læringsmiljøet. Dette er eit av områda studentane er meir fornøgde med no.

– Periodane med stengde campus og omfattande smitteverntiltak gjorde kvardagen vanskeleg for mange studentar. Det er gledeleg at det sosiale og faglege læringsmiljøet er betre nå enn det har vore dei siste åra, men det er framleis ikkje heilt tilbake på same nivå som før pandemien, forklarer NOKUT-direktøren.

Søkkande motivasjon over tid

Igjennom dei ti åra NOKUT har gjennomført Studiebarometeret har motivasjonen til studentane gradvis vore søkkande. I 2014 og 2015 var det berre 6 prosent av studentane som rapporterte at dei var ikkje eller lite motiverte for studieinnsats, mot 13 prosent no. Ser vi bort frå endringar i pandemiårene, er det ingen andre spørsmål der det er så store endringar over tid.

– Sjølv om 6 av 10 studentar svarer at dei er motiverte, er det urovekkjande at delen som er umotiverte aukar. Det er litt betre nå enn under åra med pandemi, men eg hadde håpt på eit enda større positivt utslag. Det blir interessant å følgje med på dette framover, seier Vinje.

Meir tid brukt på betalt arbeid

Dei siste åra har studentane brukt meir tid på jobbing ved sidan at studiane, dette har auka ytterlegare. Medan gjennomsnittstudenten på heiltidsprogram brukte 8 timar i veka på betalt arbeid i åra 2017 til 2020, så er talet på timar no auka til 9,4.

– Auken kjem både av at fleire studentar er i arbeid og at studentane i arbeid jobbar fleire timar enn tidlegare. To mogelege årsaker til auken er den låge arbeidsløysa og den høge inflasjonen, seier Vinje.

Les rapporten Studiebarometeret 2022 – Hovedtendenser (pdf)

Frå venstre: Ordstyrar Peter Brandstrup, visedekan utdanning Trine Waaktaar og student Karl Henrik Storhaug Reinås (begge frå det samfunnsvitenskapelege fakultet ved UiO).

Fra venstre: Ordstyrer Peter Brandstrup, NSO-leder Maika Marie Godal Dam, NOKUT-direktør Kristin Vinje og viserektor for utdanning ved UiO Bjørn Stensaker.

Panelet (frå venstre): Ordstyrar Peter Brandstrup, NSO-leiar Maika Marie Godal Dam, NOKUT-direktør Kristin Vinje og viserektor for utdanning ved UiO Bjørn Stensaker.

Del med andre