Store variasjonar i resultata frå nasjonal deleksamen for sjukepleiestudentane

Det er ein del variasjonar mellom institusjonane, men resultata frå nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi (AFB) viser at mange sjukepleiestudentar har takla den vanskelege koronasituasjonen på ein god måte. NOKUT vil leggje opp til ein ekstra konteeksamen i august.

Resultata frå Nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi, og biokjemi (AFB) som NOKUT gjennomførte i desember, er klare, og dei viser at karakterane ligg omtrent på same nivå som før koronapandemien slo til. Strykprosenten er litt høgare enn før pandemien, men over halvparten av studentane får karakteren C eller betre.

– Dette kan tyde på at pandemien ikkje har hatt den negative effekten på eksamensresultata som vi hadde frykta. Resultata skil seg ikkje vesentleg ut frå det vi så før pandemien. Det vitnar om at både undervisarar og studentar har jobba hardt under dei krevjande forholda, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Karakterfordeling nasjonalt

Stiller same krav som før koronapandemien

I 2020 blei det ikkje gjennomført nasjonal sensur, men om ein samanliknar desse resultata med 2019, ser ein at strykprosenten har gått opp frå 19,7 til 25,2 i 2021. For eksamensgruppa som har laga eksamensoppgåvene, har det vore viktig å ikkje senke krava til studentane ettersom kunnskapen som blir målt på denne eksamenen, er grunnleggjande for sjukepleiarar og kritisk for at studentane skal få gjennomført praksis.

– At kvar fjerde student stryk er sjølvsagt ikkje bra, men dette er også ein vanskeleg eksamen for mange studentar der gjennomsnittskarakteren på landsbasis har lege på det nivået den gjer no også tidlegare. Når mykje av undervisinga er gjort digital, med utfordringane det gir, så er vi ikkje overraska over at strykprosenten går noko opp, seier Kristin Vinje.

– Det er også gledeleg å sjå at somme gjer det verkeleg bra til tross for alle utfordringane både studentar og undervisarar har hatt i haust, legg NOKUT-direktøren til.

Eksamensgruppa består av faglærarar, emneansvarlege og ekspertar på fagfeltet. Også Norsk Sykepleierforbund Student har vore med i arbeidet med å utarbeide eksamenen.

Ekstra sjanse i august

Då denne eksamenen blei gjennomført i midten av desember, var samfunnet i ferd med å stengje ned som ei følgje av ny smitteoppblomstring. Mange studentar var urolege for å møte opp til skuleeksamen trass tilrådingane frå regjeringa om at det var gjennomførbart.

Desse bekymringane kan ha gått ut over prestasjonen og oppmøtet for nokre studentar, og NOKUT ønskjer derfor å tilby ein ekstra konteeksamen i august før semesterstart, slik at progresjonen til studentane ikkje stoppar opp. Den vil kome i tillegg til ordinær konteeksamen i april. 

– Noreg treng fleire sjukepleiarar, og ein ekstra konteeksamen kan gjere at fleire studentar får gjennomført praksis og blir utdanna på normert tid. Derfor er det naturleg for NOKUT å prioritere dette i denne ekstraordinære perioden, avsluttar NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Eit verktøy for nasjonal utvikling

Nasjonal deleksamen er eit verktøy som skal bidra til å utvikle kvaliteten på undervisinga, slik at dei ulike utdanningsinstitusjonane over heile landet skal lære av kvarandre og halde ein viss kvalitet.

Resultater fra nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi, desember 2021 (pdf)

Del med andre